Foto: Tuva Åserud

Feira 50 år på HVL

Dei første barnehagelærar­studentane på Stord var ferdig utdanna i 1974.

Publisert: Oppdatert:
Foto: Tuva Åserud

I aulaen på Høgskulen på Vestlandet (HVL) sit det over hundre barn, som alle går i barnehage på Stord.

I samband med 50-årsfeiringa av Barnehagelærar­utdanninga (BLU) har dei fått komma på konsert med duoen Trio Tunnel. Eller Endre Olsen og Jørgen Sandvik, som dei fleste kjenner dei som.

Foto: Tuva Åserud

Dei blåser i kvar sin kazoo. Ungane bryt ut i latter.

Så går dei i gang med «Bestefarvise» av Knutsen og Ludvigsen. I songen vert ein «ryggsekkstein» skildra.

– Veit de kven som sat inni ryggsekksteinen? spør Olsen.

– Kaptein Knutsen, ropar ein gut.

Foto: Tuva Åserud

Medan ungane blir underhaldne i aulaen, gjer to tidlegare tilsette ved utdanninga seg klare for panelsamtale.

– Regjeringa bestemte at dei skulle auka talet på barnehageplassar med 100.000 mellom 1970 og 1980, seier Øyvind Bjørkås, som tidlegare har vore studieleiar for BLU på Stord.

Då oppretta fleire lærarutdanningar rundt i landet utdanningar retta mot barnehagen.

Foto: Tuva Åserud

Saman med Bjørkås sit Margrethe Jernes. Ho har både studert og jobba på HVL i fleire år.

Då ho gjekk utdanninga heitte det førskulelærar. Først i 2012 blei det endra til barnehagelærar.

– Eg synest ikkje det var sjølvstende i tittelen. Eg er glad dei endra det, seier ho.

Foto: Tuva Åserud

Når duoen Trio Tunnel mot slutten av konserten spelar «Grevling i taket», blir det allsong i salen.

– Me har laga eit program for feiringa som både er framtidsretta med fokus på leik, og ser tilbake på historia til utdanninga, seier Ingrid Grønsdal, assisterande instituttleiar.

Foto: Tuva Åserud

Grønsdal fortel at fleire tusen barnehagelærarar har gått ut frå utdanninga gjennom dei 50 åra ho har eksistert.

– Mange av dei har direkte kontakt og påverknad i barns liv, seier ho.

Foto: Tuva Åserud

Grønsdal ønskjer velkommen til den vaksne forsamlinga som skal høyra på panelsamtale.

Men først skal Villvettene barnehage få opna med song.

– Artistane våre har akkurat vore på konsert, og no er dei ekstra klare, seier Grønsdal.

Foto: Tuva Åserud

Barna kjem opp og syng eit par songar for dei frammøtte.

– Det er her me føler oss frie. Med fjord og fjell, med skog og sti og oljeindustri, syng dei.