Fredag ettermiddag parkerte Sevinc Tunali sykkelen til dottera Narin (16) utanfor Jens Hystadvegen (like ved Gamle Fengselet i Leirvik) medan ho bar inn varer i leilegheita.

– Medan eg bar ting inn så hadde nokon stukke av med sykkelen, det må ha vore mindre enn fem minutt, seier ein oppgjeven Sevinc Tunali.

Viktig for helse og trivsel

Sykkelen er ein spesialsykkel med tre hjul og motor slik at dottera kan sykla saman med mor.

– Dottera mi er multifunksjonshemma, og eg plar å sykla med sykkelen medan ungane er på skulen, fortel Tunali, som er lei seg over heile situasjonen.

Ho fortel at dottera har hatt stor glede av sykkelen i tre år, og at dei hadde gledd seg til å sykla i påsken. No er det sol og fint sykkelvêr.

– Det er veldig trist at ho ikkje kan trena lengre. Heile påsken kjem til å bli veldig keisam. Me vil gjerne ha sykkelen tilbake, det er kvardagen vår det er snakk om, me trener nesten kvar dag og i 45 minutt kvar økt, seier mora, som håpar at nokon av Sunnhordland sine lesarar veit kor sykkelen kan vera.

Narin og mamma Sevinc Tunali håpar at nokon kjem med tips – eller at dei som tok sykkelen kjem tilbake med han. Foto: Privat

Vil ikkje «ta» dei som har sykkelen

– Kanskje dei som tok han ikkje veit at dette er ein sykkel for spesialbruk. Me håpar at dei får dårleg samvit, og kjem tilbake med han, seier ho, og understrekar at dei ikkje er er ute etter å ta nokon.

– Dersom sykkelen kjem tilbake så kjem me ikkje til å melda saka til politiet. Dette er sykkelen til Narin, og er eit treningsapparat som me har behov for å få tilbake, seier Tunali.

Har du tips i saka? Meld gjerne ifrå til politiet på Stord.