Det melder mediekonsernet måndag formiddag. Kalgraf er i dag ansvarleg redaktør i lokalavisene Vestnytt og Askøyværingen.

– Eg gler meg til å starta på oppgåvene og til å bli kjent med dei tilsette, spesielt i dei mediehusa som eg ikkje har jobba med før, seier Kalgraf i ei pressemelding.

Polaris Media Vest bestod fram til nyleg av mediehusa Sunnhordland, Bømlo-nytt, Marsteinen og Stord24. I haust kjøpte Polaris Media 51 prosent av Vestnytt, Askøyværingen, Strilen og Bygdanytt i bergensregionen og Øyposten og Randaberg24 i Rogaland. Schibsted eig framleis 49 prosent av desse.

– Det er gledeleg å sjå kor stor interesse det har vore for denne jobben. Det har vore svært mange gode og kvalifiserte kandidatar i prosessen, og sterk konkurranse om å få jobben. Då er det også ekstra gledeleg at ein intern kandidat går heilt til topps. Det viser at me har svært dyktige folk i leiinga i mediehusa våre, og også at det er rom for å voksa i Polaris Media, seier styreleiar Håvard Kvalheim i Polaris Media Vest.

Styreleiar i Polaris Media Vest og adm. dir. i Fædrelandsvennen/Polaris Media Sør, Håvard Kvalheim (frå venstre), påtroppande adm. dir. i Polaris Media Vest, Marit Kalgraf, nestleiar i styret i Polaris Media Vest og COO Schibsted News Media, Øyulf Hjertenes og konsernsjef i Polaris Media, Per Axel Koch. Foto: Ruth Mari Skulbru

Kalgraf blir no leiar for ein region med 10 mediehus, ca. 75 tilsette og ein omsetning på ca. 124 millionar årleg. Mediehusa i regionen har 35.300 abonnentar.

Oppgåva er å sikra at mediehusa utøver samfunnsoppdraget sitt minst like bra i ei heldigital framtid.

– Marit har vist at ho har gode leiareigenskapar og er flink til å bygga lag og samhald, samtidig som ho har lukkast med å skapa positiv endring og digital omstilling. Me er overtydd om at ho er riktig person for å utvikla den utvida regionen Vest inn i framtida, og gler oss til ho tar fatt på jobben, seier Kvalheim.

Kalgraf trur den nye regionen har mykje å henta på å samarbeida, og at dei ti mediehusa kan læra av kvarandre og av mangfaldet av tilsvarande mediehus i Polaris Media.

51 år gamle Kalgraf er opphavleg frå Tysnes. Dei siste 18 åra har ho budd på Sotra. Ho har jobba i mediebransjen i 25 år, som journalist og redaktør.