I Fitjar kommune held forhandlingane om mogelege partisamarbeid fram.

– Me ringjer mykje til kvarandre, det er sonderingar endå. Det verkar som dei fleste er opptekne av å ta seg god tid og sjå på alle slags mogelege løysingar. Det er bra at alle parti får vera med å sjå på det, og fremja kva dei kan bidra med, seier Harald Rydland (KrF) til Sunnhordland onsdag formiddag.

Wenche Tislevoll, Høgre sin ordførarkandidat, seier det ikkje er noko nytt å melda.

– Men me jobbar fram mot at me ikkje skal la det gå så lang tid før me kan melda tilbake korleis dette går, fortel ho.