No åtvarar politiet firma om å vera obs på slike bedrageri.

– Dette er faktiske fakturaer som skal betalast, men der betalingsinformasjonen vert endra på ein allereie utskrive faktura, slik at pengane hamnar i feil hender, seier Sturle Smith, leiar ved seksjon for økonomisk kriminalitet i Sørvest politidistrikt i ei pressemelding.

Han presiserer at det er viktig å følgja med viss det kjem meldingar om endringar på betalingsinformasjon.

– Då må det ringa ei bjølle, og ein må verifisera dette med ein telefonsamtale til avsendar, seier Smith.

Sakene som er melde er saker med store beløp.

– Dialogen mellom gjerningspersonar og firma har gått på epost. Dette er vanskelege saker å etterforska, og beløpa kan fort bli tapt viss det ikkje vert handla raskt, seier Smith.

Han presiserer at det er viktig å varsla både banken og politiet så kjapt som mogleg.

Ifølge politimeldingane skal fakturabedragarar ha lurt til seg 20 millionar kroner frå bedrifter i Rogaland dei siste vekene.

– Nokre overføringar har politiet klart å stansa, men mykje er allereie overført til bankar i for eksempel Russland og i Kina. Då blir jobben mykje vanskelegare, seier Smith.

Han understreker at politiet er tidleg i etterforskninga og at han av den grunn ikkje kan seia så mykje om kvar enkelt sak.

– No håpar eg først og fremst at me kan forebygga fleire liknande saker ved å fortelja om desse metodane, seier Smith.