Industri- og næringspartiet på Stord ligg inne med to mandat på Stord og har såleis ei nøkkelrolle for å sikra fleirtal. Listetopp Marius Filtvedt van Gool seier at lokallaget skla ha medlemsmøte klokka 18.00 i dag, tysdag. van Gool seier også at Høgre sin Øyvind Kyvik er den einaste som har kontakta han førebels.

– Kyvik ville ha kontakt med oss for å høyra om me er aktuelle til å gå saman med dei og Frp. Det kan eg ikkje svara på før me har hatt møte i partiet vårt klokka 18.00 i kveld, seier van Gool.