Foto: Tuva Åserud

Desse skoa vel stordabuen i snøen

Publisert: Oppdatert:
Foto: Tuva Åserud

Meteorologisk institutt sende onsdag ut farevarsel på gult nivå, om mogelegheit for svært mykje snø.

– Det er venta snøbyer torsdag og fredag, lokalt vil det komma 10-25 cm snø i løpet av 24 timar, står det på yr.no.

Foto: Tuva Åserud

Olai Mehammer (4) og mor Irmelin Ersland (33) er på veg til tannlegen.

– Han har fått på skinnsko med saueull i botn, seier Ersland.

Fireåringen nikkar beskjedent då han får spørsmål om han er varm på beina.

Foto: Tuva Åserud

– Eg valde det som passa med antrekket, seier Renata Basle (18).

Ho fortel at det kan bli litt glatt.

– Er snøen djup nok blir eg nok våt. Men eg har masse ull under, seier ho.

Foto: Tuva Åserud

Håkon Eide Fagertun (18) har gått for joggesko og ullsokkar.

– Strikkesokkar er kjekt å ha, seier han.

Foto: Tuva Åserud

– Eg må passa på lårhalsane i mi alder, seier Kari Lodden (74).

Ho har valt skolettar og broddar i snøvêret.

– Eg er så gammal at eg kler meg etter vêret. Ungdommane går jo rundt med hol på buksa.

Foto: Tuva Åserud

Frå v. er kompisane Åsmund Leonard Sætre (16), Matheo Lohela Havn (16), Oliver Huse (16) og Peter Bergesen Vatle (16) på veg inn på skulen.

Foto: Tuva Åserud

– Eg tok berre dei skoa som ikkje var våte, seier Sætre.

Dei har alle tennissokkar på og seier at dei ikkje blir kalde.

– Ein må tråkka der andre folk har tråkka før, så blir ein ikkje våt, seier Huse.

Ein ting er dei alle einige om: Det viktigaste er at skoa passar til antrekket.

Foto: Tuva Åserud

Emilie Ånderå (16), Sara Lidal Pedersen (17) og Vilde Hope (17) er også blant dei som har valt joggesko i kulden.

– Eg har nokre boots, men dei blir litt mykje å gå med på skulen, seier Pedersen.