Kort oppsummert

  • Vidar Hope er den nye ansvarlege redaktøren i Sunnhordland.

  • Han tek over etter Marit Holm, som returnerer til sin tidlegare jobb i Bergens Tidende.

  • Hope har jobba i Sunnhordland i nesten 14 år, og har vore sentral i den digitale utviklinga av avisa.

  • Hope siktar mot å vidareføra det gode arbeidet starta av Holm for å gjera avisa viktigare for lesarane.

Oppsummeringen er laget av AI-verktøyet ChatGPT og kvalitetssikret av våre journalister

– Å vera sjefredaktør i Sunnhordland er blant dei mest spennande mediejobbane på Vestlandet. Sunnhordland er ei viktig avis som set dagsorden i regionen, seier Vidar Hope i ei pressemelding.

Torsdag formiddag kom nyheita om at Hope blir ny ansvarleg redaktør i Sunnhordland.

Hope har vore konstituert redaktør frå 1. januar 2024 etter at det vart kjent at Marit Holm, dåverande redaktør, gjekk tilbake til sin gamle jobb i Bergens Tidende.

– Me hadde fleire kvalifiserte kandidatar, og Hope er den som kom sterkast ut. Han har vore sentral i den digitale utviklinga av avisa gjennom fleire år, og han kjenner regionen godt, seier Marit Kalgraf, styreleiar i Sunnhordland og direktør i Polaris Media Vest.

Lang fartstid i Sunnhordland

Vidare seier Kalgraf at Hope forstår utfordringane som mediebransjen, samstundes som han er ambisiøs på vegner av avisa og lesarane.

– Hope er godt likt og respektert av dei tilsette. Eg ser fram til å jobba med han, seier Kalgraf.

Marit Kalgraf, styreleiar i Sunnhordland og direktør i Polaris Media Vest. Foto: Henrik Angermund

Hope har vore tilsett som journalist, nettsjef og etter kvart digitalredaktør i Sunnhordland i snaue 14 år. Før det var han journalist i Forsvarets forum i Oslo.

– I dag har me ein ung og energisk redaksjon med teft for gode saker. Jobben vår framover blir å nå ut til endå fleire lesarar med lokalt og engasjerande innhald, seier Hope

Tysdag formiddag vart dei tilsette i Sunnhordland informert om at dei hadde fått ny redaktør. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Store sko å fylla

I pressemeldinga tek Hope seg tid til å skryta over Holm som no vender snuten mot Bergen.

– Me har forståing for at Marit Holm vil tilbake til heimlege trakter. Men me synest også at det er leitt å mista henne. Marit har gjort ein formidabel jobb i Sunnhordland dei siste åra, og ho har blitt veldig godt likt på huset.

Avslutningsvis seier Hope at no skal Sunnhordland halde fram det gode arbeidet ho har starta slik at avisa blir endå betre og viktigare for lesarane våre.