Aker Solutions har sikra seg ein kontrakt for oppgradering av eit vassbehandlingsanlegg på Mongstad, skriv selskapet i ei pressemelding.

Kontrakten skal ha ein verdi mellom 2,5 og fire milliardar norske kroner. Verftet på Stord vil vera ansvarlege for å stilla med konstruksjonspersonell.

Ingvild Siglen Berger

Behandla planar for bustadområde

Ing. Øyvind Jørgensen AS har på vegner av Kårevik Utvikling AS utarbeidd forslag til detaljregulering for eit nytt bustadområde i Kårevik. Dette var til handsaming i utval for byutvikling i Stord 16. mai, som var på ei synfaring på området før møtestart.

Sunnhordland har tidlegare omtala planane for det nye bustadområdet, som blei lanserte av Kårevik Utvikling i 2021. Området er avsett til bustadføremål i kommuneplanen, og i reguleringsplanen legg ein opp til totalt 45-49 bueiningar. Ni av desse einebustadar, og ifølgje saksutgreiinga er maks byggjehøgde ni meter.

Kommunedirektøren rådde utvalet til å leggja detaljreguleringa ut til offentleg ettersyn, og dette blei samrøystes vedteke.

Ingvild Siglen Berger

Har fått godkjent slamtankar

Stord kommune har fått godkjenning frå Statsforvaltaren for mellombelse slamtankar på fire ulike punkt i kommunen, fram til sekundærreinseanlegget står klart i 2030. Det opplyste einingsleiar Arne Bjelland utval for byutvikling om før helga. Dei fire punkta er Grunnavågen, Hystadvikjo, Sævarhagen og Djupavikjo.

– Men, alle gode vedtak har eit men. Statsforvaltaren har eit krav i vedtaket om at me må dokumentera reinsegraden ved anlegga gjennom prøvetaking av inn- og utløpsvatn. Det er ganske omfattande å gjera, så me held på å formulera eit brev der me ber om å få sleppa så hyppig prøvetaking, seier Bjelland.

Ingvild Siglen Berger

Køyrde av vegen og hamna i elv

Naudetatane rykte ut til ei MC-ulukke langs fv. 545 litt nord for Stord lufthamn i 22.45-tida søndag kveld, skriv Sørvest politidistrikt på X. Ifølgje politiet var det ein einsleg motorsykkel involvert i ulukka. Sjåføren blei teken med av ambulanse, og det skal vera snakk om mindre personskade.

– MC-førar har køyrd ut av vegen etter ein sving, og hamna i ei elv. Meldar hjelpte førar opp av elva, og fekk varsla naudetatane.

Seksjonsleiar Kim Nedrehegg i Stord-politiet fortel til Sunnhordland at ulukka skjedde i nærleiken av konferansesenteret ved Rutle, og at sjåføren er ein mann i 20-åra.

– Han skal ha sklidd ut av vegen i ei slak venstrekurve, men me veit ikkje kvifor. Det er oppretta sak, opplyser Nedrehegg.

Sondre Hansen

Sjåfør stoppa utan gyldig førarkort

Like før klokka halv to andre pinsedag har politiet stoppa ein sjåfør utan gyldig førarkort i Leirvik.

Sak blir oppretta, melder politiet på X.

Sondre Hansen

Tørt terreng på Vestlandet

Foto: Meteorologisk institutt

Meteorologisk institutt har sendt ut oransje farevarsel om gras- og lyngbrann i heile Vestland og Rogaland.

– Ein brann kan spreia seg veldig fort, skriv dei.

Varsla vil gjelda til det kjem nedbør av betydning.

Sondre Hansen

Køyrde på hjort på Fitjar

Klokka 23.32 søndag kveld fekk politiet melding om at ein bil hadde køyrd på ein hjort på Fitjar.

– Hjorten skal vera skada. Dette skjedde i 80-sona på Rydlandssletto på Fitjarvegen, seier Britt Jorunn Løvereide ved Haugesund politistasjon.

Ho opplyser om at viltnemnda er varsla og skal ta hand om situasjonen vidare.

Sondre Hansen

Fyllerør i sentrum

Klokka 04.24 natt til søndag var det ein patrulje som måtte ta hand om ein situasjon i Leirvik.

– Det var mykje folk, litt amper stemning og knuffing. Det framstod som fyllerør, seier Britt Jorunn Løvereide, vaktsjef hos Haugesund politistasjon.

Patruljen gjorde ikkje noko meir enn å roa dei ned, fortel ho.

Sondre Hansen

Sleit med å vekkja rusa mann i hage

Natt til søndag fekk politiet melding om ein rusa mann i ein hage på Litlabø.

– Han var såpass rusa at dei ikkje klarte å vekkja han, difor kom politiet til staden, seier vaktsjef Britt Jorunn Løvereide ved politistasjonen i Haugesund.

Politiet fekk til slutt kontakt med mannen, som er fødd i 1984. Han blei vekt og tatt med til legevakt for sjekk.

– Alt viste seg å vera bra så han blei avlevert til bustaden sin, fortel Løvereide.

NPK

Ny rekord for Vipps på 17. mai

På ein 17. mai med strålande vêr vart 2,9 millionar betalingar utførte med Vipps. Det er ny døgnrekord.

– Det er ikkje så rart når ein tenkjer på alle is, brus, kaker, pølser, vaflar og lodd som blir selde på skulegardar rundt om i heile landet. Størst betalingstrykk var det klokka 12.35. Då vart det gjennomført heile 7550 Vipps-betalingar i minutten, seier Vipps-sjef Rune Garborg i ei pressemelding til NTB.

Den gamle døgnrekorden var på godt og vel 200.000 mindre og vart sett på same dag i fjor.

Preben Solberg

Moderat skogbrannfare

Foto: Meteorologisk institutt

Meteorologisk institutt har eit pågåande farevarsel om skogbrannfare i Rogaland og delar av Vestland. Dei anbefaler å ikkje bruka eld.

– Vegetasjon kan lett antennast og store område kan bli råka, skriv dei.

Det er òg gras- og lyngbrannfare inntil det kjem tilstrekkeleg med nedbør.

Tuva Åserud

Feststøy og fyrverkeri

– Natt til fredag kom det melding om mykje feststøy frå Nordbygdo, seier vaktsjef ved Haugesund politistasjon, Herman Emil Eileraas.

Det skal ha vore ei større samling av russ på staden. Det blei òg meld om ei jente som ikkje klarte å ta vare på seg sjølv på same stad.

– Politiet var i kontakt med meldar, og tok kontakt med føresette som skulle henta jenta, seier Eileraas.

Nokon på staden skal ha fyrt opp fyrverkeri, men ingen skal ha sett kven som fyrte det opp.

– Politiet har vore på staden ganske lenge og sett at ting har gått fint for seg.

Ingvild Siglen Berger

Fleirtal vil riva dammen

Betongdemninga i Lønningsåsen er i så dårleg stand at vasspegelen blei tappa ned i 2022. Sidan då har det vore uklart kva som skal skje med Vannverket. Foto: Henrik Mundal Andreassen (arkiv)

Torsdag behandla utval for byutvikling saka om skjebnen til Vannverket. NVE har nyleg gjeve Stord frist til 1. september med å laga ein plan for kva dei vil gjera med dammen i Lønningsåsen, og tiltaket skal vera utført innan 1. januar 2026. I saksutgreiinga gjer kommunedirektør Tommy Johansen det klart at han ut frå den alvorlege økonomiske situasjonen i Stord kommune dei neste åra, ikkje kan rå til å bygga opp igjen ein ny demning.

Eit fleirtal i utvalet gjekk inn for kommunedirektøren si innstilling, om å rå kommunestyret til å vedta alternativ éin med riving av demningen og føra området tilbake til naturen.

Tor Olav Blekenberg (Sp) kom med eit alternativt forslag om at kommunestyret vedtek å vidareføra ein dam på arealet, eventuelt nedskalert, men dette forslaget fekk fire (Ap og Sp) av elleve røyster og fell. Saka skal endeleg avgjerast i kommunestyret.

Ingvild Siglen Berger

Sikra ny kontrakt

Frå v. prosjektleiar Ragnar Breivik hos Hydro Husnes, dagleg leiar Trygve Kjerpeseth i BKS, innkjøpssjef Andreas Tarberg hos Hydro Husnes og prosjektleiar Håkon Ekeland frå BKS under signeringa av kontrakten. Foto: Eqva ASA

Eqva ASA sitt dotterselskap BKS Industri, som har hovudkontor på Sunde i Kvinnherad, har sikra ein ny kontrakt for Norsk Hydro. Kontrakten omfattar fase to av oppgraderinga av omnar ved Hydro Husnes, står det i ei pressemelding. BKS har tidlegare gjort tilsvarande arbeid i fase éin. Kontrakten har ein verdi på rundt 53 millionar og arbeidet skal vera ferdig i tredje kvartal 2025. Tidlegare denne veka skreiv Sunnhordland at Eqva ASA og Kvinnherad Elektro AS har signert avtale om å slå saman Eqvas dotterselskap BKS med Kvinnherad Elektro.

Ingvild Siglen Berger

Kortvarig stenging av Bømlafjordtunnelen

Torsdag ettermiddag blei eitt køyrefelt i Bømlafjordtunnelen stengd på grunn av ein bil med havari.

I 17.20-tida fortel trafikkoperatør Kjetil Larsen hos Vegtrafikksentralen at tunnelen akkurat er stengd for bilberging.

– Om tre-fire minutt reknar eg med tunnelen er open igjen, seier han.

Ingvild Siglen Berger

Trekkjer motsegn

Statens vegvesen fremja motsegn til reguleringsplanen for det planlagde steinbrotet i Levåg. I eit brev til Statsforvaltaren i Vestland ber dei no Statsforvaltaren om å trekkja Vegvesenet sine motsegner i saka. Dette skjer etter at det nyleg er gjennomført ein såkalla TS-revisjon for dei trafikale tilhøva for framtidig kryssløysing.

«Med dette som bakgrunn ser Statens vegvesen at våre krav til reguleringsplanen for steinbrotet på Levåg i Fitjar kommune er oppfylt», står det mellom anna i brevet.

I april vedtok kommunestyret i Fitjar detaljreguleringsplanen for steinbrotet, med atterhald om at Statsforvaltaren og Vegvesenet trekkjer sine motsegner. Det er entreprenøren K. Volden som står bak planane.

Ingvild Siglen Berger

Obs: Stengjer løp i tunnel

Klokka 16.13 torsdag melder Vegtrafikksentralen vest at eitt løp i Bømlafjordtunnelen er stengd.

Dette er på grunn av ein bil med stans i tunnelen. Det er feltet i retning Stord som er stengd, ifølgje Vegtrafikksentralen.

Henrik Mundal Andreassen

Mista lappen etter råkøyring

Politiet hadde torsdag ettermiddag ein trafikkontroll i Hystadvegen like ved Drømmehaugen.

– Me delte ut fire forenkla førelegg, og det vart eitt førarkortbeslag for køyring i 80 kilometer i timen i 50-sona, seier Lars-Einar Olderkjær på Stord politistasjon.

Sjåføren som mista lappen er ein mann i 30-åra frå Stord, og politiet har oppretta sak på råkøyringa.

Vidar Hope

Ber fitjarbuen skru igjen kranen

Fitjar kommune går torsdag ut med oppmoding til innbyggjarane.

– Det er for tida svært høgt vassforbruk, og for å sikra tilstrekkeleg drikkevatn og sløkkjevatn vil me oppmoda alle til å avgrensa vassforbruket. Me oppmodar også om å la vera å vatna hagane med vasspreiar. Takk for hjelpa, står det i meldinga.

Det er ekstremt tørt langs kysten. Den siste tida har det vore gult farevarsel for gras- og lyngbrann. Torsdag auka Meteorologisk institutt til oransje farevarsel for ytre strøk av Rogaland.

Vidar Hope

Svært tørt i terrenget

Torsdag kom det inn oransje farevarsel på kartet. Foto: Meteorologisk institutt

Det har over tid vore lokalt stor gras- og lyngbrannfare med stor spreiingsfare langs kysten. Torsdag går Meteorologisk institutt opp frå gult til oransje farenivå for ytre strøk av Rogaland. Faren gjeld inntil det kjem tilstrekkeleg nedbør.

Henrik Mundal Andreassen

To førarkortbeslag på E39

Onsdag kveld hadde Utrykkingspolitiet på Stord trafikkontroll ved E39 på Raunholm.

– To minutt etter at me starta kom førstemann køyrande i 143 kilometer i timen, seier Idar Helland i UP på Stord.

Seinare stoppa dei endå ein rask bilist, som køyrde i 119 kilometer i timen i 80-sona på staden. Trafikkontrollen enda med to førarkortbeslag og to forenkla førelegg.