Det er påvist pærebrann i vintermispel hos Sunnhordland planteskule i Sveio. Det er sendt ut vintermispel frå planteskulen til mottakarar i Rogaland, Vestland, Møre og Romsdal, Viken og Oslo.

Planteskulen observerte sjølv symptoma, melde frå til Mattilsynet og trekte tilbake all vintermispel frå i sommar frå omsetnad, skriv Mattilsynet.

Pærebrann er ein alvorleg plantesjukdom i eple- og pæredyrking som er forårsaka av bakterien Erwinia amylovora. Sjukdommen er her i landet etablert i ytre kyststrok frå Agder til Møre.

Mattilsynet har gitt vedtak om destruksjon av resterande planter frå partiet, og det er no ikkje lenger planter i sal. Sunnhordland planteskule har fått vedtak om destruksjon av alle vertsplanter for pærebrann på produksjonsstaden.