Søndag kunngjorde Sigbjørn Framnes at Frp går saman med Høgre, KrF og Venstre om å danna fleirtal i Stord kommune. Framnes blir den neste ordføraren, medan Øyvind Kyvik (H) blir varaordførar.

– Det vert arbeidd med ei breiare politisk plattform i tida fram mot konstituering av kommunestyret. Denne vil bli lagt fram på eit seinare tidspunkt, melde Framnes.

Dei fire partia har invitert til pressekonferanse klokka 14.00 måndag.

Følg oppdateringar her i Sunnhordland.