Talet på straffesaker blant unge under 18 år har auka kraftig i Vest politidistrikt det siste året. Ungdomskriminaliteten stig mest i aldersgruppa 10-14 år og auken er stor innan mindre tjuveri frå butikkar.

– Me har altfor mange barn og ungdom som stel. Det er ei lei utvikling. Og me ser ein auke i dette, ran og meir alvorlege saker. Det bekymrar oss, seier politiinspektør Monica Johannesen Mørk til Bergens Tidende.

Avisa har vore innom fleire butikkar og kjøpesenter og alle melder om ein auke i tjuveri blant unge.

–Det skjer dessverre ofte. Dei tek det dei vil ta, men særleg sminke og parfyme. Sosiale media styrer ofte kva dei tek. Det som trendar på for eksempel Tiktok er spesielt populært, seier butikksjef for Fredrik & Louisa på Lagunen i Bergen, Unni Revheim Eliassen til BT.

Emneknaggane #borrow, #borrowchallenge og #borrows har millionar av visingar på det sosiale mediet Tiktok. Trenden går ut å å visa fram det ein sjølv har stole frå butikkar og oppfordra andre til å stela.