Foto: Tuva Åserud

Kva appar klarer du deg ikkje utan?

Sunnhordland spurde stordabuen.

Foto: Tuva Åserud

Venninnene Alette Hordnes Hoff (20, frå v.), Louise Magnus Smøraas (20) og Michelle Vikanes Røvde (17) er einige om at det er Tiktok og Snapchat som er det viktigaste for dei.

– Eg bruker nok Tiktok fordi det er ei blanding av nyheiter og underhaldning, seier Smøraas.

Foto: Tuva Åserud

– Sparebanken-appen. Den må eg ha, fortel Ole-Morten Leirbæk (42).

Han tenkjer seg litt om.

– Men det er nok kanskje ikkje den eg bruker mest tid på, seier han og ler.

Foto: Tuva Åserud

Helge Baldersheim (72) klarer ikkje heilt å bestemma seg.

– Eg bruker Fjord1 sin app ein del på grunn av ferjetider. Eg er interessert i fly, så det går no litt i Flight radar òg, seier han.

– Men eg fiskar ein del, så då bruker eg appen På sjøen mykje.

Foto: Tuva Åserud

Kristoffer Aadland Djuve (16) klarer seg ikkje utan Snapchat.

– Det er der eg held kontakt med vennane mine, seier Djuve.

Foto: Tuva Åserud

Jimmy Vo (29) ventar på bussen på Leirvik terminal.

– Eg trur det må vera Youtube, seier Vo.

– All musikken du finn på Spotify, finn du også på Youtube. Om ikkje meir, seier han.

Foto: Tuva Åserud

– Barnebarna mine bruker Snapchat, men eg bruker Messenger, seier Britt Berge (76).

Ho er ute og luftar hunden Mia (5).

– Messenger er fint til å halda kontakten med folk, meiner Berge.

Foto: Tuva Åserud

– Eg bruker nok Tiktok mest, seier Mats Mikkelson Sæter (17).

Han bruker appen til underhaldning.

– Det er fint med korte videoar.