Salutten på 17. mai skulle opphavleg gå klokka 07.00 fredag morgon. No opplyser nestleiar i Stord IL turngruppa, Anja Mikkelson, at sidan det offisielle programmet startar klokka 08.00 vil også salutten gå klokka 08.00.

Det er pyroteknikar Steven Weltzien som har fått ansvaret for salutten som blir fyrt av frå Onarheimsparken (Storddøra) i Leirvik sentrum på morgonkvisten.

Siste innlegg

God 17. mai-feiring! Send gjerne inn bilete eller video og nokre ord frå der du feirar dagen. Klikk på Send inn-knappen.

Send inn

Nyt sola i båt

User image

26 grader i Fjelberg🇳🇴

Arne Aasheim

Nyt sola ☀️

Tuva Åserud

Kaker og is

User image

Amelia Anderssson Olsen 4 år ser fram til kaker og is sammen med hunden Lilja 😀

André Matre Olsen

Så kjekt! Gratulerer med dagen, Amelia og Lilja 🇳🇴

Tuva Åserud

Feirar i sommarvêr

User image

Feiring i sommervær Langeland skulekrins

Maria Tirona

Ser ut som dei har det kjekt i sola! Ha ei fin feiring vidare ☀️

Tuva Åserud
Tuva Åserud

Bussen står fast

Bussen stod fast i toget. Foto: Kjetil Østrem

Ein buss stod fast i borgartoget på Leirvik.

– Akkurat då toget skulle inn i rundkjøringa ved Amfi, med ordførar og kommunedirektør i front, så kom bussen, skriv Sunnhordlands journalist Kjetil Østrem i ei melding.

Preben Ørpetveit Solberg

Fine blinkskot

Kjetil Fyllingen har sendt inn nokon av sine blinkskot frå 17. mai på Stord.

Her kan du sjå dei:

Foto: Kjetil Fyllingen
Foto: Kjetil Fyllingen
Foto: Kjetil Fyllingen
Preben Ørpetveit Solberg

Ei helsing frå M/F Hillefjord

Foto: Privat

Gratulera med dagen frå M/F Hillefjord med full storflagging i anledning 17. mai, skriv Sonja Hellen Sele i ei melding.

– Peder og Christin jobbar på nasjonaldagen, fortel ho.

Tuva Åserud

Frukost med utsikt over Leirvik

Kristine Salomonsen og Kirsten Rommetveit. Foto: Tuva Åserud

I ei leilegheit i Torgbakken med utsikt over Leirvik sentrum er Kristine Salomonsen og Kirsten Rommetveit på frukost.

– Me har vore 13 personar til frukost her i dag, opplyser Rommetveit.

Utover dagen skal nokre av gjestane gå i borgartoget, medan nokre skal sjå på.

– Så kjem det jo bilkortesje no snart, kanskje me ser den herfrå, seier Salomonsen.

Preben Ørpetveit Solberg

Her køyrer bilkortesjen

Foto: Astrid Birkelid

Her er bilkortesjen, som køyrde frå Biltema på Heiane i dag klokka 13.00.

Astrid Birkelid hadde pynta bilane sine skikkeleg før turen.

Preben Ørpetveit Solberg

Her feirar dei med hoppeslott!

På Stord kristne skule har dei 17. mai-leikar og hoppeslott.

Foto: Cathrine Fosse
Foto: Cathrine Fosse
Elice Gregoryan Foto: Cathrine Fosse
Leve og Agape Foto: Linda Landmark
Foto: Linda Landmark
Foto: Cathrine Fosse
Preben Ørpetveit Solberg

Slik feirar dei 17. mai på Huglo

Preben Solberg

Video frå barnetoget på Rommetveit

Mange glade ansikt i toget på Rommetveit.

Video: Hilde Vormedal Nybø

Barnetoget på Rommetveit

User image

Barnetoget på Rommetveit. Hurra!!

Ingrid K. Misje

Hipp, hipp hurra! 🇳🇴🇳🇴

Preben Solberg
Preben Ørpetveit Solberg

Politiet dirigerer trafikken

Foto: Tuva Åserud

Politiet dirigerer trafikken på veg inn mot Vikjo.

Årsaka er Leirvik skule sitt barnetog.

Video av det kan du sjå her.

Preben Ørpetveit Solberg

Sjå video av barnetoget gjennom Borggata

Rett før klokka 11.00 passerte barnetoget frå Leirvik skule og Stord kristne skule gjennom Borggata.

Med flagg, bannera og korps gjekk dei i finvêret og song heiarop.

Festen fortset på Leirvik skule.

Preben Ørpetveit Solberg

Sjekk dei bilane!

Foto: Astrid Birkelid

Astrid Birkelid har pynta bilane med blomar og flagg til 17. mai.

Desse blir å sjå i bilkortesjen som går av stabelen kl. 13.00 frå Biltema på Heiane, skriv Birkelid.

Hugs at du òg kan senda inn bilete til redaksjonen@sunnhordland.no eller her i 17. mai-studioet.

Vidar Hope

Barnetoget framme ved Stord sjukehus

Her har barnetoget frå Hystad skule marsjert ned til Stord sjukehus og legevakta.

Det er meld om breie smil og flagg i solskinet på Hystad.

Tuva Åserud

Linda (34) har kledd seg i noko heilt spesielt

Linda Bach. Foto: Tuva Åserud

Linda Bach (34) har på seg noko heilt spesielt på nasjonaldagen.

– Dette er ei vikingdrakt, seier ho.

– Har du laga den sjølv?

Nei, men eg har laga smykkene sjølv basert på historiske funn frå Gottland, seier ho.

Ho fortel at vikingkjolane ofte var laga av lin, og nokre med ull. Nokon av dei kan ein òg finna silke på. Den ho har på er laga av lin.

Det er sikkert deilig i dag?

Ja, også er dette òg ein del av kulturarven vår, seier Bach.

Tuva Åserud

Har allereie samla ti russekort

Sander og Tobias Helland gler seg til feiring av nasjonaldagen. Foto: Tuva Åserud

Allereie klokka 09.30 er Sander (9) og Tobias Helland (7) klar for barnetoget i Sagvåg. Dei har kledd seg i matchande raude hattar for anledninga.

– Eg gler meg til å gjera forskjellige ting på skulen, seier Tobias.

– Som kva då, for eksempel?

Potetløp! Også kan eg få russekort, seier 7-åringen.

Han er ikkje heilt sikker på kor mange han har frå før av.

– Han har om lag ti russekort, og eg har null, seier Sander.

Vidar Hope

Opna festen på Hystad

Foto: Vidar Hope

Her opnar leiar Jostein Sydnes i 17. mai-komiteen på Hystad skule festen.

Aller først ønskte han gjestane frå vennskapskommunen Comalapa velkommen.

I bakgrunnen er Rommetveit skulekorps.

Preben Ørpetveit Solberg

Her går morgontoget gjennom Borggata

Morgontoget går gjennom Borggata med Liv Kari Eskeland i front.

Her kan du lesa meir om det som skjer på morgonkvisten, og resten av nasjonaldagen.

Klokka 08.00 presis gjekk salutten. Det gjekk som smurt.

Video: Reidar Hystad