På busshaldeplassen i Gassasundet i Bømlo kommune har ventebua vore stengd over lengre tid.

Dette har vore på grunn av hærverk, skriv Bømlo-nytt.

– Hærverket omfattar mellom anna elektriske komponentar som har blitt reve vekk inne i servicebygget, seier byggjeleiar Roger Lemme i Vestland fylkeskommune til avisa.

No blir venteskuret snart opna att, for ein elektrikar skal etter planen innom bygget fredag.

– Me håpar dermed å få kunna opna ventebua på busshaldeplassen igjen når dette arbeidet er gjort, seier Lemme til Bømlo-nytt.

Henrik Mundal Andreassen

Tok seg inn i heim

Politiet melder måndag at det har vore eit innbrot ved Kattatveit i Leirvik.

– Uvedkommande har teke seg opp på ein balkong og brote opp terrassedøra, skriv Sør-Vest politidistrikt på X.

Politiet melder vidare at det i følgje fornærma ikkje er sett at noko er stole. Politiet har teke i mot forklaring, og har oppretta politisak på innbrotet.

Henrik Mundal Andreassen

Mann vist vekk

Måndag kveld fekk politiet melding om ein mann i 40-åra, som hadde ein "skremmande åtferd" i Leirvik sentrum.

– Han er vist vekk frå staden fram til tysdag 08.00, skriv Sør-Vest politidistrikt på X.

Henrik Mundal Andreassen

Stoppa rask fitjarbu på Agdestein

Måndag stoppa politiet ein fitjarbu i 20-åra på E39 ved Agdestein.

– Han foretok dobbel forbikøyring over dobbel sperrelinje, opplyser patruljen til Sunnhordland.

Gjennomsnittfarta var på 137 km/t i 80-sona på staden. Førarkortet var ikkje gyldig, og han framstod som ruspåvirka i følgje politiet som har oppretta sak.

NPK-NTB

Flyplass-streik hindra – semje hos Riksmeklaren

Det er semje i meklinga mellom NHO Luftfart og Fellesforbundet i Flyoverenskomsten langt på overtid. Dermed blir det ikkje flyplass-streik.

Dersom det hadde vorte streik, hadde til saman 447 medlemmer i Fellesforbundet gått ut i streik ved Oslo lufthamn Gardermoen og Bergen lufthamn Flesland.

Ingvild Siglen Berger

Anleggsarbeid til sommaren 2026

I veke 22/23 startar Stord kommune arbeidet med etablering av ny vassleidning frå Vassenden i aust til Utslettevegen i vest. Kommunen melder at i område der det allereie ligg kommunalt vatn- og avløpsanlegg i grunnen, vil dette skiftast ut og fornyast. Dette gjeld blant anna anlegg langs Nysætervegen og Utslettevegen. Vidare skal delar av køyreveg og fortau utvidast i Utslettevegen, og gang- og sykkelveg erstattast med fortau i Nysætervegen. Når det gjeld Nysætervegen er anleggsstart og vegstenging sett til 12. august.

«Anleggsarbeidet langs Nysætervegen og Utslettevegen vil pågå til sommar/haust 2026. Utførande entreprenør er Landmark Maskin AS. Omkøyringsvegar vert skilta. Grunneigarar som særskilt blir råka vert varsla og kontakta undervegs i anleggsperioden. Det vil bli sendt ut automatisk varsling i god tid før vasstenging/omkoplingar av leidningsnettet», melder kommunen.

Ingvild Siglen Berger

Registrerte over 30.000 lyn

Det var heftig torevêr søndag kveld.

Ingvild Siglen Berger

Fleire utan straum

Foto: BKK (skjermdump)

Det er eit pågåande straumbrot i Kvinnherad, melder BKK på sine sider. 99 kundar skal vera råka. Straumbrotet blei registrert i 07.40-tida måndag morgon, og ifølgje BKK er problemet venta løyst klokka 10.30. Sju minutt etter dette melder BKK at det er fire kundar som ikkje har fått straumen igjen. Måndag ettermiddag skal alle som blei råka ha fått straumen tilbake.

NRK skriv at BKK opplyser at årsaka skal vera fleire lynnedslag det siste døgnet. Søndag kveld dundra eit heftig torevêr gjennom Sunnhordland. Også på Fitjar blei fleire husstandar råka av straumbrot etter torevêret.

NPK-NTB

Flyplassmeklinga held fram

Ved midnatt gjekk meklingsfristen ut for ein lønnsavtale mellom Fellesforbundet og NHO luftfart. Partane var samde om å halda fram meklinga på overtid og ved 06-tida måndag morgon sat partane framleis hos riksmeklaren. Riksmeklar Carl Petter Martinsen opplyser til NRK at det har vore progresjon, men at det framleis er mykje som står att.

– Heilskapen i oppgjeret er sentralt for begge partar, skriv Martinsen i ei melding.

Om det ikkje blir ein avtale med motparten NHO Luftfart, går til saman 447 medlemmer i Fellesforbundet ut i streik ved Oslo lufthamn Gardermoen og Bergen lufthamn Flesland.

Ingvild Siglen Berger

Fann plast frå tunnel-sprenging 140 kilometer unna

Arbeidet med å byggja Rogfast, verdas lengste undersjøiske tunnel, held fram. Rogfast er ein del av prosjektet ferjefri E39, og hovuddelen er ein 26,7 kilometer lang tunnel under Boknafjorden.

NRK Rogaland skriv no at det er funne plastklips frå sprenginga heile 14 mil unna prosjektet, på Fitjar. Ifølgje NRK er det over seks år sidan dei første salvene for å byggja tunnelen gjekk av.

Både Jæren Friluftsråd og Naturvernforbundet Rogaland er skuffa. Prosjektsjef for Rogfast i Statens vegvesen, Oddvar Kaarmo, fortel til rikskringkastaren at dei har ryddeaksjonar ein gong i månaden, og to gonger i månaden om sommaren.

– Det er nok ikkje sikkert at alle plastbitane som finst på Vestlandet har sitt opphav frå Rogfast. Det er også andre som har aktivitet nært til sjø, seier Kaarmo til NRK.

Ingvild Siglen Berger

Straumen tilbake

Husstandar i Fitjar blei råka av straumstans søndag kveld etter torevêret som var i området.

Måndag morgon viser Fagne sitt straumstanskart at straumen er tilbake hos kundane.

Vidar Hope

Fleire råka av straumbrot etter torevêr

Foto: Fagne (skjermdump)

66 husstandar er råka av straumstans i Fitjar. Tidlegare på kvelden var det heftig torevêr i området. Fagne skriv på sine nettsider at ein reknar med at straumen skal vera tilbake innan midnatt.

Frå Fitjar søndag ettermiddag. Foto: Kjetil Ragde
Vidar Hope

Rykker ut til brann i Sveio

Mannskap frå Førde rykker ut på melding om gras/markbrann i område Mørkatjørna.

Det melder 110 Sørvest klokka 18.50 søndag.

Vidar Hope

Heftig torevêr dundra gjennom Sunnhordland

Foto: Meteorologisk institutt (skjermdump)

Etter veker med tørt vêr kom det endeleg ein skikkeleg dusj i regionen søndag ettermiddag. Inkludert i menyen var også lyn og tore.

– Lufta er ustabil. Det er som å sjå på ein kjele med kokande vatn som kjem til å bobla over, seier statsmeteorolog Vibeke Thyness til NRK om det venta vêret.

Klokka 17.40 viste lynnedslag-oversikta til Meteorologisk institutt over 500 nedslag i Sunnhordland. Det er venta ein del nedbør utover kvelden.

Vidar Hope

Ventar køar på Sandvikvåg

Reisande må rekna med forseinkingar på ferjesambandet Halhjem-Sandvikvåg ut dagen. Det melder Torghatten Nord søndag.

– Dette er på grunn av mykje trafikk og nokre tekniske utfordringar på fartøy i rute to, skriv reiarlaget.

Vidar Hope

Fritidsbåt måtte ha hjelp

Tysnes Røde Kors bistår eigar av fritidsbåt med motorproblem. Båten driv rundt ved Langøya på Tysnes, melder HRS Sør-Norge søndag ettermiddag.

Hilde Vormedal Nybø

Rår til å leggja ned brannstasjonar

Ein ny rapport meiner tre brannstasjonar i Kvinnherad bør leggjast ned. Einang Safety Consult meiner det er for mange brannstasjonar i Kvinnherad.

Kommunen har åtte brannstasjonar, og konsulentane foreslår å leggja ned tre av dei, skriv Kvinnheringen.

Rapporten var tema i kommunestyret i denne veka. Jan Tore Brückner er leiar av operativ avdeling i Kvinnherad brann og redning.

Hilde Vormedal Nybø

Stoppa ruskøyring

Klokka 19.30 fredag fekk politiet melding om at ein mann i 40-åra, som framstod som påverka, hadde sett seg bak rattet på ein bil for å køyra.

– Politiet rykte ut til staden. Mannen framstod som påverka. Han blei sendt til blodprøvetaking, og det blir oppretta sak på forholdet, seier Birgitte Pedersen, vaktsjef ved Haugesund politistasjon, til Sunnhordland.

Vidar Hope

Brannmannskap rykte ut til bustad

Alle naudetatane er på staden. Ingen skal vera igjen inne i huset, melde Vest politidistrikt klokka 21.33 fredag kveld.

Røykdykkarar var kjapt inne i bustadhuset. Politiet melde at det hadde vore tørrkoking. Det var veldig mykje røyk, men ikkje opne flammar.

– To personar vart eksponerte for røyk. Dei er sende til lokal legevakt for sjekk, opplyser politiet.

Ingvild Siglen Berger

Fire menn og éi kvinne vil bli rektor

Gunnar Yttri søkjer om å få halda fram som rektor ved Høgskulen på Vestlandet. Foto: Tove Uglum Takvam, HVL

Søkjarlista til rektorstillinga ved Høgskulen på Vestlandet er no klar, står det i ei nyheitsmelding frå høgskulen fredag. Tilsetjinga vil skje i styremøte 12. september. Rektorstillinga er eit åremål på fire år og gjeld frå 1. januar 2025 til 31. desember 2028. Gunnar Yttri er rektor i dag.

Dette er søkjarlista:

  1. Haukar Ismail, 26 år, lærar og vektar, Bergen, mann.

  2. Børge Nilsen, 23 år, student og eigedomsmeklarassistent, Sogndal, mann.

  3. Rigmor Reppen Solnes, 33 år, nasjonal koordinator for Elsa Nordic, Sogndal, kvinne.

  4. Gunnar Yttri, 57 år, rektor ved Høgskulen på Vestlandet, Sogndal, mann.

  5. Håvard Skibenes, 53 år, økonomirådgjevar/controller, Bergen, mann.

Ingvild Siglen Berger

Skal asfaltera veg

Stord kommune melder at Fjellgardsvegen blir stengd sør for avkøyringa til Vadvegen og ved ferista på Haugland måndag 27. mai frå kl. 08.30 grunna asfaltering.

– Vegen vert stengd til asfaltarbeidet er ferdig utført. Oppsitjarar og naudetatar vil få eige varsel. Tekniske tenester ber om at alle som skal opp på fjellet nyttar Førlandskrysset ved E39, skriv Anne Randi Naurstad, driftsleiar veg, parkering og grønt hos tekniske tenester i kommunen, i ei melding.

Sunnhordland skreiv torsdag at også Hagalio på Rommetveit er stengd for trafikk ut neste veke grunna asfaltering.