Kenneth Stenbråten i Stord kommune si krisegruppe opplyser laurdag ettermiddag at dei kjem til å opna dørene for venner og kjente etter campingvogn-brannen i Sagvåg.

– Me kjem til å opna dørene på lågterskel helsestasjonen i Lønningsåsen 9A frå klokka 16.00 til 18.00 laurdag ettermiddag, seier Stenbråten.

Invitasjonen vert offentleggjort i samråd med dei pårørande opplyser Stenbråten.

Lågterskel helsestasjon er i Leirvik sentrum. Foto: Henrik Mundal Andreassen

– Mange er rørte ved det som har skjedd, og ønsker å ha ein samlingsstad i dag. Då ønskjer kommunen å tilby lokala til det, seier Stenbråten.

Lågterskel helse sine lokale ligg ved dei tidlegare legevaktlokala i sentrum, like ved rehaben i Leirvik.