Nybø fekk tidlegare i år pris for Tesla-saka under Vinterkonferansen i regi av Haugesund journalistlag. Der fekk ho også heidersprisen.

Laurdag kveld kunne nyheitsleiaren i Sunnhordland henta inn den høgthengjande journalistprisen då Landslaget for lokalaviser (LLA) hadde prisutdeling under landsmøtet på Hamar.

– Høg klasse

«Årets vinnar av journalist­prisen har løyst samfunns­oppdraget på ein framifrå måte. Gjennom systematisk bruk av innsynsretten, god evne til å innhenta og samanstilla data, og ein drivande vilje til å få sanninga fram, har prisvinnaren avslørt samfunnskritiske forhold som elles ville ha vore ukjende for det offentlege», står det i grunngjevinga, som legg til at det journalistiske handverket er av høg klasse.

Hilde Vormedal Nybø hankar inn stadig fleire prisar for Tesla-saka. Her frå Vinterkonferansen i februar. Foto: Henrik Mundal Andreassen

– Eg er heldig som får jobba i ein lokalavisredaksjon som også prioriterer større prosjekt. Eg er utruleg glad for utviklinga i media der fleire redaksjonar ser kor viktig det er å gå meir i djupna og oppfyller samfunnsoppdraget, seier Nybø.

Deler med kollegaar

Den erfarne journalisten har hatt eit team i ryggen under arbeidet med saka.

– Gaute Hvoslef Kvalnes med sin unike datakompetanse, Preben Ørpetveit Solberg med video, Ingvild Siglen Berger og Kjetil Østrem med enkeltsaker. Når ein journalist får tid til å grava, så må dei andre ta meir av kvardags­hendingane. Så prisane er til heile gjengen, seier ho.

– Når me gjer slike løft er det jo fantastisk å oppnå ei slik verdsetjing.

Lokalavis-Norge var samla på Hamar i helga. Sunnhordland fekk også heiderleg omtale for reportasjen om «Anni Røvardotter», som er ført i pennen av Kristine Brandsdal Barane.

Saka om Anni Røvardotter blei publisert i 2023 og blei ein lesarsuksess. Arkivfoto: Kristine Brandsdal Barane

Tidlegare i veka vann Hilde Vormedal Nybø og Sunnhordland «nyhetsprisen liten avis» for Tesla-saka under Polaris-prisene. Aviskonsernet Polaris Media eig 79 aviser i Norge og Sverige, Sunnhordland er éi av dei.

– Grundig og systematisk

«Her var hemmelige avtaler, gratis eller tilnærmet gratis areal og manglende konkurranse. En kommunal parkeringsplass var plutselig blitt en ladestasjon for Tesla. Hvordan hadde det skjedd? Hvilke avtaler var inngått? Kan kommunen gjøre slike avtaler uten anbud? Grundig og systematisk kildearbeid og søknad om innsyn førte til at en liten avis kunne avsløre internasjonale ladegiganters inntog i mange av landets kommuner», skriv juryen om Tesla-saka.

Lokalavisa Lister, som er eigd av Polaris Media, blei kåra til årets avis på Hamar. Dei andre vinnarane av hovudprisane blei:

  • LLAs journalistpris: Hilde Vormedal Nybø, Sunnhordland

  • LLAs marknadspris: Stangeavisa

  • Årets lokalavisfoto: Elias Dahlen, Hallingdølen

  • Årets historiefortelljng: Anna Huseby og Elias Dahlen, Hallingdølen

  • Årets digitale satsing: Hallingdølen

  • Årets lokalavisside: Hallingdølen