Det melder Meteorologisk institutt søndag.

– Det er venta snø og sludd som går over til regn, og gradvis stigande snøgrense. Det er sjansar for regn som kan frysa på kald bakke. Nedbøren er venta inn først i ytre strøk i nord, og brer seg austover og sørover, står det i det gule varselet som gjeld for delar av Vestlandet sør for Stad og Agder.

Det er med andre ord god grunn til å ta på broddane måndag morgon. Farevarselet gjeld frå 05.00 måndag til 05.00 tysdag.