Foto: Henrik Mundal Andreassen

Ein heil kveld med latter og moro

Kirsten Rommetveit er ein kjend frisør i Leirvik, og har vore med på alle standup-førestillingane på Åtgaum. – Komikarane er så morosame, og dei har god kontakt med publikum, seier ho. Martin Hamre synest også showet er heilt topp.

Foto: Henrik Mundal Andreassen

Roar Brekke er ein godt førebudd konferansier, og vende seg til fleire i lokalet med anekdotar og påfølgjande latterkuler.

Foto: Henrik Mundal Andreassen

Ørjan Stokka (t.h) - inntektskongen blant eigedomsmeklarane på Stord - er på show med Per Ove Langeland og familien. – Det er så kjekt, me slappar av, drikk litt øl og er i godt selskap, smiler Stokka.

Foto: Henrik Mundal Andreassen

– Lokalet er akkurat passe stort for standup, seier Merete Nørgaard (t.v.) som har fått med seg nesten alle framsyningane. Venninne Hege Robberstad er også med.

Foto: Henrik Mundal Andreassen

Fylkesnes Bil-sjef Roald Almås fekk også høyra det frå standup-komikaren. – Åtgaum er vel den einaste staden han ikkje eig her på Leirvik, sa Brekke til stor latter frå Almås og resten av lokalet.

Foto: Henrik Mundal Andreassen

Roar Brekke fleipar med alt og alle, her er det vert Anders Skaar Hansen i Åtgaum som står i døra, som det blir fleipa med.

Foto: Henrik Mundal Andreassen

Arild Viste frå Bergen spøkte om Haugesund, kryptiske ultralyd-bilete, hundar og menn med hårete ryggar. Harald Ellingsen og Tore Medhaug var også standup-artistar på Åtgaum denne kvelden.

Foto: Henrik Mundal Andreassen

Stemninga var heilt på topp under det niande standup-showet sidan i fjor haust i kulturbaren Åtgaum.