Den siste veka har Facebook-brukarane i Noreg fått opp eit varsel når dei loggar inn på Facebook. Der blir dei bedne om å samtykkja til at Meta framleis kan bruka personopplysningar til marknadsføringsformål eller om dei vil betala for å sleppa.

Dette er rein utpressing, meiner fagdirektør Finn Myrstad i Forbrukarrådet.

– Meta skal ikkje kunne ta betalt for å sikra forbrukarane grunnleggjande rettar, slik som personvern, meiner Myrstad.

– Mange er avhengige av Facebook og Instagram for å organisera liva sine og halda kontakten med venner, og det finst i realiteten ingen fullverdige alternativ. Det veit sjølvsagt Meta når dei no tvingar brukarane til å velja.

Forbrukarrådet trur ikkje at Meta gjer dette for å få flest mogleg til å betala, men heller for å kunne visa til at folk har fått eit val og har «samtykt» til overvaking.

– Me ville tenkt oss to gonger om før me valde å betala. Betalingsløysinga gjer at du slepp reklame, men Meta kjem ikkje med nokon lovnader om at dei vil slutta å overvaka deg og kva du gjer på nettet, seier Myrstad.

NTB har bede Meta om ein kommentar til saka, men hadde ikkje fått svar tysdag kveld.