Foto: Henrik Mundal Andreassen

Fem om mogleg Hordfast-utsetjing

Sunnhordland har spurt folk kva dei meiner om at Hordfast-prosjektet ser ut til å bli utsett.

– Det som skjer no er ein skandale. Det går flotte vegar frå Oslo til Sandefjord og til Lillehammer, og det er klart at Vestlandet også må ha gode vegar, som knyt saman byane her, meiner Sjur Ottesen.

– Ein bør heller prioritera Dale-Voss enn Hordfast, som er eit luftslott som ein korkje har tid og pengar til, meiner Jakob Eide.

– Ferje synest eg er heilt topp. Ungane får strekt på beina, og me får ein pause frå bilturen, fortel Kamilla Nygård.

– Heile Hordfast-prosjektet er for dristig, og ein får altfor lite igjen for det, seier Rasmus Lodden.

– Vegen kan vera som han er. Kortare reisetid er ikkje eit godt nok argument i seg sjølv, og eg tykkjer ferjetur er heilt greitt, seier Sandy Haugland.