Det er brot i lønsforhandlingane mellom Fellesforbundet og Norsk Industri, som starta måndag. Oppgjeret går no til mekling.

Det var Fellesforbundet som begjærte forhandlingane for avslutta torsdag, melder forbundet i ei pressemelding.

– Me har hatt konstruktive rundar med motparten, men forhandlingane går ikkje raskt nok framover. No treng me at det vert bora djupare i krava og blir større framdrift. Difor tar me no oppgjeret vidare til mekling, seier Fellesforbundets leiar Jørn Eggum.

Forbundets krav i årets lønsoppgjer er mellom anna auka kjøpekraft og ein etter- og vidareutdanningsreform.

No som forhandlingane er brotne, er det klart at partane må ha hjelp frå Riksmeklaren for å komma vidare. Torsdag ettermiddag møtest dei hos Riksmeklaren for å planleggja frivillig mekling, skriv NTB.

– Når me opplever at me ikkje kjem vidare med krava våre, må me har Riksmeklarens hjelp. Eg ser fram til å komma vidare i arbeidet, seier Eggum til NTB.