Haugaland Håndballklubb er konkurs etter oppbod. Det kjem fram i ei avgjerd frå Haugaland og Sunnhordland tingrett. Styret i klubben har opplyst at den samla gjelda er på 574.500 kroner, mens ein reknar verdien i selskapet som null.

I avgjerda kjem det også fram at verksemda er innstilt og at selskapet har 11 tilsette som ikkje er lovleg oppsagt. Det skal vera første skiftesamling i konkursen 24. oktober. Bustyrar er advokat Ole Johan Berge.

Vidar Hope

Brannmannskap rykte ut til bustad

Alle naudetatane er på staden. Ingen skal vera igjen inne i huset, melde Vest politidistrikt klokka 21.33.

Røykdykkarar var kjapt inne i bustadhuset. Politiet melde at det hadde vore tørrkoking. Det var veldig mykje røyk, men ikkje opne flammar.

– To personar vart eksponerte for røyk. Dei er sende til lokal legevakt for sjekk, melder politiet.

Ingvild Siglen Berger

Fire menn og éi kvinne vil bli rektor

Gunnar Yttri søkjer om å få halda fram som rektor ved Høgskulen på Vestlandet. Foto: Tove Uglum Takvam, HVL

Søkjarlista til rektorstillinga ved Høgskulen på Vestlandet er no klar, står det i ei nyheitsmelding frå høgskulen fredag. Tilsetjinga vil skje i styremøte 12. september. Rektorstillinga er eit åremål på fire år og gjeld frå 1. januar 2025 til 31. desember 2028. Gunnar Yttri er rektor i dag.

Dette er søkjarlista:

  1. Haukar Ismail, 26 år, lærar og vektar, Bergen, mann.

  2. Børge Nilsen, 23 år, student og eigedomsmeklarassistent, Sogndal, mann.

  3. Rigmor Reppen Solnes, 33 år, nasjonal koordinator for Elsa Nordic, Sogndal, kvinne.

  4. Gunnar Yttri, 57 år, rektor ved Høgskulen på Vestlandet, Sogndal, mann.

  5. Håvard Skibenes, 53 år, økonomirådgjevar/controller, Bergen, mann.

Ingvild Siglen Berger

Skal asfaltera veg

Stord kommune melder at Fjellgardsvegen blir stengd sør for avkøyringa til Vadvegen og ved ferista på Haugland måndag 27. mai frå kl. 08.30 grunna asfaltering.

– Vegen vert stengd til asfaltarbeidet er ferdig utført. Oppsitjarar og naudetatar vil få eige varsel. Tekniske tenester ber om at alle som skal opp på fjellet nyttar Førlandskrysset ved E39, skriv Anne Randi Naurstad, driftsleiar veg, parkering og grønt hos tekniske tenester i kommunen, i ei melding.

Sunnhordland skreiv torsdag at også Hagalio på Rommetveit er stengd for trafikk ut neste veke grunna asfaltering.

Ingvild Siglen Berger

Har forlengd farevarsel for skogbrann

Foto: Meteorologisk institutt

Meteorologisk institutt har fredag sendt ut eit oppdatert varsel om stor skogbrannfare i Vestland fylke, sjølv om det har komme regn. Det har den siste tida vore stor gras- og lyngbrannfare lokalt i snøfrie område, inntil det kjem tilstrekkeleg nedbør.

Varselet gjaldt opphavleg til førstkommande laurdag kveld klokka 20, men er no utvida til å vara til søndag kveld klokka 20.

– Ikkje bruk eld. Følg lokale myndes instruksjonar. Behov for førebyggjande tiltak og beredskap skal vurderast fortløpande av beredskapsaktørar, står det i varselet.

Ingvild Siglen Berger

Vil støtta prosjekt - men ikkje med midlar

I formannskapet torsdag tok ordførar Sigbjørn Framnes opp ei referatsak som omhandlar samarbeid mellom Stord kommune, Stord golfklubb og foreininga Ett slag av gangen. Golfklubben har inngått eit samarbeid med foreininga om eit nytt tiltak innan rus, psykiatri og unge i utanforskap, der målet er å skapa ein arena med søkjelys på fysisk aktivitet, tilhøyrsle og meistring.

Ordføraren tok opp saka for å få innspel til kva som bør meldast tilbake i samband med eit stadfestingsbrev om samarbeidet, særleg med tanke på den økonomiske situasjonen i kommunen og at det i brevet blir peikt på bidrag med mogelege økonomiske midlar. Politikarane vedtok å ta saka til orientering, med følgjande tillegg: «»Formannskapet støttar opp om prosjektet, men understrekar at me ikkje har mogelegheit til å støtta med økonomiske midlar».

Vidar Hope

Lanserer eigen jubileumssong

Arne Kvarven. Foto: Harald Onarheim (arkiv)

I neste veke startar markeringa av «Kristenretten» på Mosterhamn. I dag, fredag, lanserer Arne Kvarven og Moster 2024 ein eigen song om feiringa.

– Dette jubileet bør nærast sjølvsagt ha ein song som referanse for jubileet, eit musikalsk monument som kan minna om feiringa i lang tid framover. Litt slik som «Se ilden lyse» og OL i Lillehammer, skriv Kvarven i ei pressemelding.

Songen heiter «Huset» og er skrive av Kvarven. Songen er tilgjengeleg i strøymetenester.

Kronprinsparet og statsminister Jonas Gahr Støre er blant prominente gjester som kjem til Moster neste helg.

Henrik Mundal Andreassen

Forbikøyrar må punga ut

Torsdag gav politiet eit forenkla førelegg til ein bilist på Bømlo.

– Sjåføren hadde teke ei farleg forbikøyring ved Bremnesvegen på Bømlo, seier seksjonsleiar Kim Nedrehegg ved Stord politistasjon.

Bilisten fekk utdelt eit forenkla førelegg på 10.200 kroner etter hendinga.

Ingvild Siglen Berger

Vassproduksjon tilbake til normalen

Tysdag denne veka sende Tysnes kommune ut kokevarsel til alle abonnentar i Uggdal. Produksjonen av vatn er no tilbake til normalt, men kommunen rår framleis til koking av vatn til konsum.

– Det vil likevel ta noko tid før alt råvatn er ute av nettet og me tilrår framleis koking av vatn til konsum. Det vil bli teke nye vassprøvar neste veke. Når desse er godkjende vil de få melding om at kokevarsel er avslutta, skriv kommunen på sine sider.

Vidar Hope

Nekta å vedta førelegg - politimeld

Utrykkingspolitiet hadde kontroll på fv. 544 ved Vabakkjen på Stord mellom 14.45 og 16.00 torsdag.

Patruljen følgde med på åtferd i trafikken og særleg mot mobilbruk og setebelte.

– Det blei totalt fire reaksjonar på mobil, der tre av dei var forenkla førelegg og éi politimelding for ein som ikkje ønskte å vedta førelegget. I tillegg vart ein bilførar ilagt eit gebyr for manglande bruk av bilbelte, melder patruljen.

Ingvild Siglen Berger

Kostnad på over 700 millionar for ny sjukeheim

Formannskapet i Stord fekk torsdag ei orientering om status i saka om forprosjektet for ny sjukeheim i Knutsaåsen.

– Forprosjektet er i ein innspurt. Det er planlagt at prosjektrapporten og påfølgande politisk sak blir lagt fram for behandling i første møterunde etter sommarferien, opplyste kommunalsjef Anne Karin Fossdal.

Prosjektleiar Frode Hatlevik informerte om at det nyaste estimatet på forventa prosjektkostnad inkludert mva. er på 701 millionar kroner, der nærmare 133 millionar av desse er investeringstilskot frå Husbanken. Førre estimat var på 699 millionar kroner.

– Det er ikkje to strekar under dette enno, men greitt å visa som illustrasjon at me er omtrent der me var sist, sa Hatlevik i møtet.

Hilde Vormedal Nybø

Fekk sparken frå Eviny-styret på éin dags varsel

Hege Økland fekk ein e-post om at ho var byta ut ein dag før generalforsamling. Pressefoto

Hege Økland har i seks år sete i styret i Eviny på vegner av Bergen kommune. Om kvelden 2. pinsedag, dagen før det skulle vera generalforsamling i Eviny, fekk ho ein e-post frå Stein Trengereid, seksjonssjef for eigarskap i Bergen kommune. Her stod det at ho var byta ut som styremedlem, skriv Bergens Tidende.

– Det er eigaren sitt privilegium å velja kven dei vil ha i sine styrer, seier Økland til avisa.

Også styreleiar Jan Erik Kjerpeseth, som òg er oppnemnd av Bergen kommune, er kasta i Eviny-styret. Finansbyråd Eivind Nævdal-Bolstad erkjenner til avisa at prosessen har vore for dårleg.

Ingvild Siglen Berger

Stengjer veg for all trafikk

Frå i dag, torsdag, skal det arbeidast med asfaltering i Hagalio, og difor blir vegen stengd for all trafikk. Stord kommune melder at vegen blir stengd ut neste veke (veke 22).

– Omkøyring via Hagamyrane blir skilta. Det blir lysregulering i Hagamyrane. Køyretøy som skal nyttast, må parkerast utanfor området til vegen er opna for trafikk, skriv kommunen.

Stord kommune held for tida på med ei stor oppgradering av vatn- og avløpsnettet i Hagalio, som Sunnhordland tidlegare har omtala.

Henrik Mundal Andreassen

Mann i 30-åra mista lappen

Onsdag kveld hadde Utrykkingspolitiet fartskontroll på Engevik.

– Me fekk seks reaksjonar på fart. Fem forenkla førelegg og eitt førarkortbeslag etter 122 kilometer i timen i 80-sona, melder Idar Helland i UP på Stord.

Mannen som mista lappen er i 30-åra, og er ifølgje Helland ikkje heimehøyrande lokalt.

Ingvild Siglen Berger

Kontrollerte 50 sjåførar for rus

Politiet hadde ruskontroll ved Vikastemmo utanfor Leirvik sentrum i 19-tida onsdag kveld.

– Der blei 50 kontrollerte, og alle var edru og rusfrie, seier seksjonsleiar Kim Nedrehegg i Stord-politiet.

Henrik Mundal Andreassen

Køyrde i 99 km/t i 50-sona

Utrykkingspolitiet avslutta onsdag kveld ein fartskontroll på Litlabø.

– Det vart utskrive 13 forenkla førelegg for fartsoverskridingar, melder Sørvest politidistrikt på X.

Høgaste hastigheit vart målt til 99 kilometer i timen i 50-sona, på ein motorsyklist som stakk frå kontrollen. Politiet opplyser til Sunnhordland onsdag kveld at det er snakk om graverande oppførsel.

– Me ser svært alvorleg på at spesielt tohjulingar i høg fart ikkje stoppar for kontroll, seier Idar Helland i Utrykkingspolitiet på Stord.

Henrik Mundal Andreassen

Brann i gravemaskin

Klokka 17.43 onsdag rykker brannvesenet på Stord ut til Sagvåg.

– Melding om brann i gravemaskin i Stokkavegen, mannskap frå Leirvik rykker ut, skriv 110 Sør-Vest på X.

Ingvild Siglen Berger

Folketalet gjekk ned

Fitjar kommune melder at folketalet i kommunen var på 3.187 personar per 31. mars 2024. I første kvartal var det netto utflytting på sju personar og fødselsunderskot på ni personar.

– Dette gir ein folketalsnedgang på 16 personar sidan 1. januar 2024, skriv kommunen på sine sider.

Vidar Hope

I dag kan det bli endå varmare

Varmt i sør: Slik er prognosen for onsdag. Foto: Meteorologisk institutt

Målestasjonen på Stord lufthamn var varmast i landet tysdag, med 27,4 grader. Onsdag ligg an til å bli endå varmare. Den høgaste temperaturen målt i 2024 er frå 16. mai i Steinkjær, då gradestokken viste 28,3 grader. Det melder Meteorologisk institutt. Vêrvarslarane trur Vestlandet eller Midt-Norge blir varmare i dag.

Ingvild Siglen Berger

Ny fartskontroll på europavegen

Utrykkingspolitiet hadde fartskontroll på E39 ved Raunholm frå ca. klokka 13.30 til 15.00 tysdag, opplyser seksjonsleiar Kim Nedrehegg i Stord-politiet.

Der blei det gjeve fire forenkla førelegg, og høgaste målte fart var 101 km/t i 80-sona.

Preben Solberg

Stord varmast i landet

Foto: Henrik Mundal Andreassen (arkiv)

Stord har den varmaste målinga gjort i Norge i dag. Tysdag vart det målt 27,4 grader ved Stord lufthamn. Det fortel vakthavande meteorolog, Siri Wiberg, til NRK.

Kvamsøy og Ljøsne er på delt andreplass med 27,3 grader. På tredjeplass er Vossevangen med 27,1 grader. Vestlandet var det varmaste fylket.

Til Sunnhordland seier Wiberg at målinga legg seg som den 5. høgaste målinga på Stord i mai månad. Dei målingane har ein gjort sidan 2005.

Den varmaste mai-dagen er målt i 2018, og då vart det målt 30,9 grader.