Extraavisen.no vert lagt ned frå 1. oktober 2023. Det skriv avisa på sine eigne nettsider.

Avisa har hatt base i Sveio og i Lindesnes.

Grunnleggjar og ansvarleg redaktør er Daniel DeNiazi.

– Det er veldig trist å melda at Extraavisen må leggjast ned. Det har vore dårlege netter og dårleg kapasitet til å dekka dei daglege nyheitene som krevst for å nå det nivået for å driva ei avis. Hovudårsaka er lite bemanning og ikkje økonomi nok til å setja inn ekstra folk, seier DeNiazi til eiga avis.

Extraavisen vart grunnlagt 24. januar 2021.

Vidar Hope, Hilde V. Nybø

8. mai-markering på Stord

Åge Ånensen i NROF på markeringa i fjor. Foto: Kjetil Østrem

Norsk reservistforbund (NROF) steller i stand markering av Norges frigjerings- og veterandag 8. mai ved Stord kyrkje. Her blir det tale, nedlegging av krans på minnesmerket over dei falne, og song ved Leirvik Mannskor.

– Det blir tale av heiderskaren Ivar Helleland og dette gler eg meg til. I år blir det òg program inne i kyrkja etterpå, ved Leirvik Mannskor, der dei har ein liten konsert og deler ut stipend. Så dette blir ei fin markering, uttalte Age Ånensen i NROF i ei melding til Sunnhordland nyleg.

Han oppmoda alle til å heisa flagget.

Arrangementet startar ved Stord kyrkje klokka 17.00.

NPK-NTB

Inntektene frå trafikkbøter har auka betrakteleg

Idar Helland og Nils Henrik Nodland i utrykkingspolitiet på Stord. Foto: Henrik Mundal Andreassen (arkiv)

Inntektene til staten frå trafikkbøter var i 2023 på 1,1 milliardar kroner. Det er nesten 170 millionar meir enn i 2021.

I prosent var auken på 18,2 prosent, skriv VG.

Auka oppetid på fotoboksar og høgare bøtesatsar er ein stor del av årsaka, ifølgje avisa. I 2023 kom 379 millionar inn frå fotoboksar, mot 223 millionar i 2021.

– Eit tilstrekkeleg høgt nivå på reaksjonar som bidreg til at fleire overheld reglane er derfor positivt for trafikktryggleiken, seier statssekretær Tom Kalsås (Ap) i Samferdselsdepartementet.

Fotoboksane har ei oppetid på rundt 90 prosent. I 2023 kontrollerte dei over 288 millionar køyretøy, 18 prosent fleire enn i 2021.

Preben Ørpetveit Solberg

Sett opp ekstra politisk møte

Det er sett opp eit ekstramøte i utval for oppvekst og kultur i Stord kommune.

Det skriv avdelingsleiar for fellestenester i Stord kommune, Helena Schwartz, i ein e-post.

– Bakgrunnen for ekstramøtet den 21. mai er at administrasjonen hadde behov for tid til å gå gjennom og handsame innspel til saka om skulestruktur og skuleanlegg, skriv Schwartz.

Utvalet skal ha eit møte 14. mai. Det går som planlagt.

Vidar Hope

13 forelegg i 40-sone

Utrykkingspolitiet gjennomførte laserkontroll på fv 544 i Sæ i Leirvik tysdag ettermiddag. Resultatet blei 13 forenkla forelegg, melder politiet. Høgaste fart var 57 km/t i 40-sona.

Ingvild Siglen Berger

Har fått godkjent 40-sone

Den mykje omtala strekninga på fylkesveg 545 mellom Sagvåg sentrum og Sætrevik har no fått godkjent 40-sone av Statens vegvesen, melder NRK. Sunnhordland har skrive fleire saker om vegstrekninga, der over 100 sjåførar har fått bøter på feil grunnlag. Bjørn Øystein Waage er ein av desse, etter at han hausten 2022 blei målt til 51 km/t i 40-sona som då ikkje hadde vedtak til å vera ei 40-sone.

I ei utveksling mellom Vestland fylkeskommune og Statens vegvesen frå november i fjor haust, kom det fram at dei hadde gløymt ut eit vedtak om særskild fartsgrense på 40 km/t ved fylkesveg 545 i Sagvåg. Politiet har i ettertid måtta gå gjennom dei over 100 sakene for å anten endra eller oppheva dei.

Ingvild Siglen Berger

Bedriftsundersøking: Noko mindre optimisme lokalt

Tysdag lanserer Nav resultata frå den mest omfattande undersøkinga av arbeidsmarknaden i Norge, og verksemdene i Sunnhordland melder om noko meir lunkne marknadsutsikter i år enn i fjor. Andelen som har hatt rekrutteringsproblem dei siste tre månadane er redusert frå 33 prosent i fjor til 17 prosent i år.

– For oss er det viktig å ha gode relasjonar til arbeidsgjevarane for å finna gode løysingar saman, seier Håvard Lægreid, leiar i Nav region Sunnhordland, i ei pressemelding.

Han viser til at Nav kan støtta arbeidsgjevarar med blant anna kvalifisering av aktuelle kandidatar og jobbspesialistar. I Sunnhordland melder verksemdene at 38 prosent treng kandidatar med høgare utdanning, og 46 prosent har behov for å rekruttera nokon med fagbrev. Berre 19 prosent melder at dei har behov for ufaglærte. Undersøkinga blei gjennomført i februar og mars, og her i regionen har 73 prosent av dei utvalde verksemdene svart.

Vidar Hope

Finansministeren fekk kjeledress

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum er kledd for forholda. Foto: Sondre Hansen

Trygve Slagsvold Vedum er tysdag formiddag på Stord for å få omvising på produksjonsskipet Johan Castberg, som blir ferdigstilt ved Aker Solutions-verftet. Konsernsjef Anders Opedal i Equinor, konsernsjef Kjetel Digre i Aker Solutions og konsernsjef Øyvind Eriksen i Aker ASA er også til stades. Johan Castberg har vore på Stord i to år. I sommar skal skipet ut i produksjon i Barentshavet.

Sunnhordland kjem tilbake med meir frå besøket.

Foto: Sondre Hansen
Ingvild Siglen Berger

Mann i 20-åra tatt av politiet

Politiet på Stord kontrollerte eit køyretøy klokka 16.35 i Leirvik sentrum måndag, på grunn av mistanke om ruskøyring. Ifølgje Dag Vidar Nordhus, seksjonsleiar for førebyggjande og patrulje, var det ein lokal mann i byrjinga av 20-åra som sat bak rattet.

– Han slo ut på ulovlege stoff på Wipealyseren vår. Vedkommande blei framstilt for legevakt, og det er oppretta sak på ruskøyring, seier Nordhus.

Det er førebels ikkje gjort førarkortbeslag i saka.

– Resultatet av rustesten avgjer om det blir beslag eller ei, fortel seksjonsleiaren.

Kjetil Østrem

Utsett til klokka 10

Fire menn og ei kvinne frå Albania er tiltalte for kokainsmugling til Husnes. Hovudforhandlinga skulle ha starta i Bergen tingrett klokka 09.30 tysdag, men er utsett til klokka 10.00.

Årsaka er at dommaren er blitt forhindra, blir det opplyst av rettsbetjenten klokka 09.20.

Preben Ørpetveit Solberg

Til legevakt etter påkøyrsel

Klokka 11.44 måndag fekk politiet melding om påkøyrsel av ein fotgjengar. Hendinga skal ha skjedd på Storebø i Austevoll.

I ei oppdatering melder operasjonsleiar Ingrid Teigland Tepstad i Vest politidistrikt at trafikkuhellet har skjedd i samband med at fotgjengaren kryssa vegen på eit overgangsfelt.

Fotgjengaren, ein mann i 70-åra, er sendt til legevakt for ein sjekk. Bilførarens førarkort er tatt i beslag, og politiet opprettar sak. Også sjåføren skal vera ein mann i 70-åra.

Preben Ørpetveit Solberg

Fotgjengar påkøyrt

Politi og ambulanse har rykt ut etter melding om påkøyrsel av ein fotgjengar, skriv Vest politidistrikt på X. Hendinga skal ha skjedd på Storebø i Austevoll kommune.

Naudetatane er på staden, og fotgjengaren blir tilsett av helse. Det er foreløpig ukjent skadeomfang. Politiet opplyser om at det er fri ferdsel på staden.

Oppdaterast.

Ingvild Siglen Berger

Framleis skogbrannfare

Foto: Meteorologisk institutt

Meteorologisk institutt har no forlengd det gule farevarselet som gjeld skogbrannfare i Vestland.

– Lokal skogbrannfare i snøfrie område inntil det kjem nedbør av betydning, heiter det.

Faren er førebels venta å vera over tysdag morgon. – Ikkje bruk eld. Følg lokale myndigheiters instruksjonar. Behov for førebyggjande tiltak og beredskap skal vurderast fortløpande av beredskapsaktørar, står det i varselet.

Det er også skogbrannfare i delar av Møre og Romsdal og Trøndelag, delar av Austlandet, i snøfrie område i Nordland og delar av Sør-Troms.

Preben Ørpetveit Solberg

Ønskjer tips etter brann

Laurdag rykte naudetatane ut til ein brann i miljøstasjonen på Osahaugen ved HVL. Der er det oppretta sak, fortel seksjonsleiar i Stord-politiet, Dag Vidar Nordhus.

– Om publikum har nokon opplysningar kunne me tenkt oss ei tilbakemelding eller tips som kan føra til ei oppklaring, seier Nordhus.

Kjetil Østrem

Søkjer om Bocciafest for 340 personar

Osvald Pub søkjer Stord kommune om å arrangera Bocciafest laurdag 3. august. Det blir søkt om å servera på avstengt område, i tråd med kommunale reglar for utandørs servering.

Samla antal gjester vil vera 340, totalt både inne og utandørs, går det fram av søknaden.

Ingvild Siglen Berger

Nominert til pris

Forfattar Anders Totland kan vinna pris for si nyaste barnebok. Foto: Alexander Urrang Hauge (arkiv)

Anders Totland si nyaste barnebok «Gunnars rekordbok» er nominert til Bokslukerprisen 2024/25, melder Foreningen! les måndag. Boka er ei av ti nominerte, og i haust skal 120.000 elevar på mellomtrinnet lesa utdrag frå bøkene og deretter stemma fram sine fem superfinalistar.

– Å bli nominert til denne prisen er ei veldig fin anerkjenning av jobben eg har gjort, og boka eg har skrive. Men det aller finaste er at måten arbeidet med prisen blir gjort, fører til at meir enn hundre tusen ungar får lesa utdrag frå boka og bli kjent med Gunnar og dei andre personane eg har skrive om, og blitt veldig glad i. Det er verkeleg fint, skriv Totland i ein kommentar til Sunnhordland.

– No skal eg feira med å gjera ferdig dagens skulebesøk i Bergen før eg suser til Stord og Bømlo for å sjå jentene mine som speler fotball i ettermiddag, før eg skal tilbake til Bergen for nye skulebesøk igjen. Fint liv, melder forfattaren.

Ingvild Siglen Berger

Knuste flasker og blomepotter

Politiet var på Litlabø mottak i 20.30-tida søndag kveld, etter melding om ca. ti ungdommar som skal ha herja og øydelagt ting ute på mottaket.

– Politiet rykte ut, og det viser seg at fem ungdommar skal ha drive litt hærverk, mellom anna knust flasker og blomepotter. Dei var ikkje truande, men blei opplevd som krevjande overfor dei rundt seg, seier vaktsjef Dan Magne Gaard ved Haugesund politistasjon.

Han fortel vidare at politiet har oppretta sak på skadeverk.

– Nødvendige instansar er varsla så det vil bli oppfølging i ettertid, opplyser vaktsjefen.

Ingvild Siglen Berger

Stengjer vatnet

Stord kommune melder at det er planlagt arbeid på vassleidningsnettet i delar av området Haga, Hagalio og Hagamyro på Stord.

– Vatnet blir vekke måndag 6. mai frå kl. 09.00, fram til arbeidet er utført. Tapp opp vatn på førehand. Vatnet blir sett på utan varsel, opplyser kommunen.

Ingvild Siglen Berger

Fleire køyretøy hadde tekniske feil

Statens vegvesen gav fire køyretøy bruksforbod søndag kveld, då dei hadde kontroll på Vabakkjen. Bruksforboda blei gjeve for manglande lastesikring, overlasta køyretøy, diesellekkasje frå slepevogn og ikkje uttrekt underkøyringshinder ved stort overheng.

Det blei òg skrive ut mangellappar for tekniske feil ved fleire køyretøy, opplyser kontrolleiar Jo Kjetil Strand. Totalt 34 køyretøy var innom kontrollen.

Ingvild Siglen Berger

Varm start på mai

Det har vore nokre fine, varme dagar i starten av mai, der Sunnhordland har vore heilt på toppen av lista over dei varmaste stadene.

Fredag var Stord nemleg varmast i landet med 24,5 grader. Dagen før var Austevoll varmast med heile 25 grader. Laurdag var derimot Gulsvik i Buskerud på topp med 24,9 grader.

Ifølgje Yr.no vil temperaturane vera vesentleg lågare den kommande veka.

Ingvild Siglen Berger

Ferjerute innstilt

Fjord1 og Skyss opplyser søndag ettermiddag at rute 2 i ferjesambandet Skjersholmane-Ranavik er innstilt inntil vidare. Ifølgje Fjord1 er dette på grunn av driftsproblem.

– Me beklagar ulempene det medfører, skriv Skyss.