Tysdag sendte Stord brann og redning e-post til rektorar i kommunen der dei anbefalar at ein ikkje tenner grillen i ope utmark. Fleire klassar har for tida planlagt skuleavslutningar ute i naturen.

– Det gjeld også for andre fritidsaktivitetar. Det byrjar å bli rimeleg tørt no, og i går var det brann i terrenget på Bømlo, medan det i dag er brann i Haugesund, seier Ragnhild Vad, leiar i førebyggjande avdeling, til Sunnhordland.

Ho fortel at det ikkje har vore brannar i terrenget på Stord så langt.

– Me går ut med dette for å førebygga, seier Vad.

Det er meldt varmt og tørt vêr den neste veka, minst.

– Me er på «alerten» og er klare for å rykkja ut om det skulle brenna, seier Vad og legg til at ho håpar at folk tenkjer seg godt om.

– Sjølv om det er kjekt med så fint vêr så håpar me på ei skikkeleg skyljebøtte snart, seier ho.

Det er for tida gult farevarsel for delar av Rogaland og Hordaland. I delar av Austlandet, Agder og sørlege del av Rogaland er det oransje farevarsel.

– Oransje er det høgaste farevarselet me sender ut på skogbrann, men det er moglegheiter for at det oransje varselet blir utvida, spesielt på Vestlandet. Det er ekstremt tørt, så ein skal vera obs og følgja med på oppdateringar og varsel som kjem, seier vakthavande meteorolog Ingvild Villa til NTB.