SPANIA: Julemessa på Kyrkjesenteret i Albir sist helg samla mykje folk – alle med munnbind. «Mascarilla», som det heiter søranfor. Foto: Steinar Hystad

Ikkje koronailla med bruk av «mascarilla»

Skal du inn i butikk, på restaurant eller kafé, med buss eller taxi når du vitjar Spania i desse tider, er munnbind like naturleg å ta på seg som det er å helsa buenos dias. God dag, som me seier. Alt personell i nemnde etablissement brukar sitt munnbind når dei er på jobben. Solid teikn på at ein tek smittetrugsmålet frå korona-viruset på høgste alvor, framleis.

Det same på Sjømannskyrkja sitt senter i Albir, der det er påbode med munnbind innomhus. Fram til denne veka kunne «mascarilla» takast av når kaffi og vaflar og annan godt skulle takast inn. Første vekene framover blir det ikkje servering på samkommene i kyrkja, men det blir vanleg program, der deltakarane må ha maska på heile tida. Dette blir sjømannskyrkja sitt tiltak for å dempa smittespreiinga, som har ein viss framgang i deler av Spania også.

Etter opphald i dei sørlege strok kan det meddelast at bruk av munnbind når ein har ærend der folk samlast ikkje er kvisamt i det heile.

Det motsette, å bli smitta, vil vera så mykje verre.