Ikkje smitte i Fitjar kommune

Ordføraren kan roa innbyggjarane.

I VG sin koronaoversikt blir det meldt om eit nytt smittetilfelle i Fitjar kommune den 22. oktober.

Ifølgje ordførar Harald Rydland er det ikkje grunn til å uroa seg for innbyggjarane i Fitjar.

– Eg har ikkje høyrt noko om det. Dette er truleg ein smitta som oppheld seg ein annan plass, men som er folkeregistrert i kommunen, seier han til Sunnhordland.

Fredag blei det derimot meldt om sju nye smittetilfelle i nabokommunen Stord.

Les også
– Utfordrande arbeid, men koronasentralen er rigga for dette
Les også
Politiet slo alarm om smittevern