Ingen testa positivt: Synnøve Sørvik (t.v) og Karen Rinnan ved teststasjonen på gamle Bremnes ungdomsskule. Foto: Kjersti Follesø/Bømlo kommune

Bømlo: Ingen testa positivt

Tek nye prøvar i dag.

Før helga blei det kjent at ein person som hadde vore på Bømlo, har fått påvist koronavirus.

– Det er no komme svar på dei testane som blei tekne på fredag, og det er ingen som har testa positivt på Covid-19 til no. Det blir tekne nye prøver i dag, og me opplever at me har god kontroll på situasjonen, opplyser smittevernlege Kjersti Follesø i Bømlo kommune i ei pressemelding måndag.

Koronasentralen på Bømlo har hatt kontakt med alle nærkontaktar til den som er sjuk, og det er desse som no er og blir testa.

Vedkommande som er smitta er ikkje busett på Bømlo, men har vore på Bømlo i det siste.

Les også
Kommunelegen er uroleg før utelivshelga