INNBROT: Søndag kveld fekk politiet melding om innbrot på Rommetveit skule. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Innbrot på skule

Uvedkommande har teke seg inn på Rommetveit skule.

Politiet fekk melding om innbrotet klokka 21.41 søndag. Politiet skriv på Twitter at dei har vore på staden og gjort åstadundersøking.

Ifølgje politiet er det ingenting som tyder på at det er stole store verdiar frå skulen.