Stengjer dørene: Fitjar kommune ber folk ta kontakt på telefon, og vil unngå at folk møter opp fysisk på helsestasjonen, dersom det ikkje er avtale om det. Foto: Anita Haugland

Innfører fleire restriksjonar

Det er innført endringar i drifta på helsestasjonen i Fitjar.

Grunna korona-pandemien er det gjort endringar i høve tilbodet hjå jordmor, helsestasjon, skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom. Dette for å hindra smitte. Tiltaka går i stor grad ut på at ein i større grad unngår å møta fysisk opp, i første omgang iallfall. Meir informasjon er å finna på Fitjar kommune si nettside, heiter det i ei oppdatering frå ordførar Harald Rydland onsdag kveld.

Rydland nyttar høvet til å takka for smittevernutstyr gjeve av lokale verksemder.

– Fitjar kommune vil retta ei stor takk til Engevik & Tislevoll, Kværner Stord og Fitjar vidaregåande skule for at dei har gitt kommunen smittevernutstyr. Dette utstyret kjem svært godt med i ei tid der det kan vera vanskeleg å få tak i slikt, skriv ordføraren.

Les også
Kommunen med klare krav til Fitjar Mekaniske Verksted

Det er til no to personar i Fitjar som har fått påvist koronasmitte gjennom testing.

– Testing for koronasmitte vert i utgangspunktet berre utført på personar med tydelege symptom til korona, eller at dei arbeider i helsevesenet. Det går nokre dagar frå testen er teken til resultatet er klart. Eksakt smittestatus er det difor vanskeleg å seia noko sikkert om, forklarar ordføraren.

Les også
Koronasmitta helsearbeidar reagerer på at familien ikkje fekk testa seg i tide