Innsamlingskomiteen: Rannveig Sele (Stord Røde Kors), Margunn Hamre Vassdal (Frivilligsentralen), Bjørn Lindgård (Stord IL), Britt Heidi Værøy (IL Solid), ordførar Gaute Epland, Inge Espenes (Trott), Astrid Larsen (frivillig) og Åge Vallestad (Frivilligsentralen) og dessutan Yngve Sagvåg Lunde (Ikkje på biletet). Foto: Privat

Jaktar på bøsseberarar til TV-aksjonen

– Har du lyst til å vera med på verdas største dugnad, som i år går til kamp mot barneekteskap? I Stord er det trong for 190 personar som kan gå med bøsse 24. oktober.

– Hjartet i TV-aksjonen er bøsseberarar og det unike møtet i døra når dei bankar på i nabolaget. Noko av essensen i TV-aksjonen ligg i det fysiske møtet mellom menneske. Når me går frå dør til dør hjå heile Norges befolkning og bankar på 2,4 millionar dører,  legg me til rette for at alle skal få høve til å delta på TV-aksjonen. Det er viktig for å spreia kunnskap og for å engasjera breitt. Me høyrer også at eit besøk frå bøsseberaren kan vera det einaste besøket nokon får i løpet av eit år. Difor er me ekstra glade for at me igjen kan møtast ansikt til ansikt og endeleg gå som bøsseberar att, skriv Margunn Hamre Vassdal, som er dagleg leiar Frivillingsentralen i Stord i ei melding til Sunnhordland.

I tillegg til dei fysiske bøssene vil det også vera mogeleg å gje digitalt.

– Me satsar på full bøsseberardekning, og at dei digitale bøssene vil fungera som eit ekstra høve der bøsseberarane ikkje når fram, seier Vassdal.

Kvart tredje sekund vert ei jente gifta bort ein stad i verda. Gjennom årets TV-aksjon skal Plan saman med alle gjevarar i Norge gje jenter høve til å velja si eiga framtid, og via seg til livet.

– Med årets TV-aksjon skal me nå ut til tre millionar menneske for å få slutt på barneekteskap i dei landa kor problemet er størst: Bangladesh, Nepal, Malawi, Mali og Niger. Me skal jobba for at jenter får bli på skulen, at barn, unge og eldre får opplæring i jenter sine rettar og i likestilling og at lovverket skal verna barn frå å bli gifta bort. Barn skal få vera barn, ikkje brud, står det i pressemeldinga.