Fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane samla på Gulatinget. Då var det semje om namnet Vestlandet. No er det Vestland som gjeld.
Fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane samla på Gulatinget. Då var det semje om namnet Vestlandet. No er det Vestland som gjeld. Foto: Hordaland fylkeskommune

Justerte namnet etter kritikk

Fylkestinga hadde vedteke å bruka namnet Vestlandet, men valet blei møtt med massiv kritikk. No har dei fjerna to bokstavar.

Fylkestinga i Hordaland og Sogn Fjordane har med politisk fleirtal (84 av 88 røyster) vedteke «Vestlandet» som namnet på den nye, felles fylkeskommunen. Rogaland og Møre og Romsdal er begge usamde i dette namneforslaget.

Måndag 19. januar var Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal fylkeskommunar kalla inn til kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD), for å drøfta namnet på den nye fylkeskommunen på Vestlandet. Fylkeskommunane møtte Monica Mæland, som er ny kommunalminister. Kommunalministeren ville høyra fylkeskommunane sine synspunkt.

På møtet i går i fylkesutvalet blei det sett fram forslag om å tilrå at det nye namnet blir Vestland – utan -et til slutt. Dette blei vedteke mot to røyster frå SV og MDG, som gjekk inn for at fellesnemnda skal ta stilling til namnet etter ei grundig vurdering av fleire forslag.

Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane skal ta stilling til namnet onsdag 7. mars.

Departementet planlegg å ferdigstilla innstillinga si til namn på alle dei nye fylkeskommunane før/etter påske. Det er forventa at Stortinget vedtek namna før sommaren, melder fylkeskommunen på sine nettsider.

Les også:Ber om hjelp til å laga nytt fylkesvåpen