Full stans: Trafikken står bom fast på E39 ved Ådlandsvatnet på Stord. Det glatte føret gjer at to vogntog stor på staden kvil i kvar sitt køyrefelt. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Begge køyrefelta ved Ådlandsvatnet opna for trafikk

Fleire vogntog fekk problem på E39 over Stord måndag kveld, men no er vegen opna igjen.

Fleire vogntog har fått problem på E39 ved Ådlandsvatnet på Stord, på grunn av glatt vegbane, og at fleire har måtta gå til steget og leggja på kjettingar. Politiet er på staden og dirigerer trafikk.

I 17.15-tida melder politiet om trafikale problem på E39 ved Ådlandsvatnet. To vogntog står i kvart sitt køyrefelt, og det er full stans i trafikken.

Vegtrafikksentralen er varsla.

Les også
Trailersjåfør reagerer på vegforholda på E39

Det vil bli sett opp skilt for omkøyring via Leirvik sentrum. Førebels er det manuell dirigering på staden.

Innsatsleiar Henning Vik ved Stord lensmannskontor har hendene fulle.

– Ein polsk trailer var på veg sørover, og kom seg ikkje vidare. Deretter balla det på seg, og endå ein polsk trailer, i nordleg retning, sklei ut av vegbanen. Det er veldig vanskelege forhold, sjølv med kjetting, forklarar Vik til Sunnhordland.

Klokka 17.40 melder Sunnhordland sin mann på staden, Henrik Mundal Andreassen, at trafikken så smått har byrja å røra på seg.

– Politiet opna nett nordgåande køyrefelt for trafikk, seier han.

Vogntoget som sperra sørgåande køyrefelt kom seg laus for eigen maskin, melder politiet måndag kveld.

Les også
To bilar i ulukke på glatta