Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) under pressekonferansen om koronasituasjonen. Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK

Karantenereglane blir endra – andre nærkontaktar har ikkje lenger karanteneplikt

Smittekarantene for andre nærkontaktar til smitta personar, altså dei som ikkje er husstandsmedlemmer eller tilsvarande nære, blir erstatta av eit testregime.

Andre nærkontaktar blir tilrådde å testa seg 3 dagar etter nærkontakt, og ny test 2 dagar seinare (dag 5), men ikkje å gå i karantene.

– Det vil då vera viktig at den enkelte sjølv observerer symptom i ti dagar. Testing er eit like godt tiltak som karantene når det gjeld smittevern, men testing er mindre kostbart for samfunnet og mindre inngripande for den enkelte, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap).

Ho seier at det vil bli lagt opp til at også husstandsmedlemmer og tilsvarande nære til ein smitta person òg skal få karantenen erstatta av eit testregime på sikt, men at det først må sørgjast for at kommunane har nok testar og får på plass system for å dela ut testar til husstandar.

Les også
Regjeringa tillèt skjenking fram til klokka 23

Regjeringa beheld vidare meter-tilrådinga, munnbindpåbod og råd om maks 10 gjester i private heimar, og tilrår alle å tenkja gjennom kor mange nærkontaktar dei har samla sett.

– Ein bør ikkje ha fleire enn 10 gjester heime ut over eigen husstand, heiter det i tilrådingane.

Det blir òg tilrådd god ventilasjon/lufting i situasjonar der ein oppheld seg i same rom med personar som ikkje er husstandsmedlemmer eller tilsvarande nære.

Artikkelen held fram under annonsen.

Regjeringa beheld òg tilrådinga om å halda éin meters avstand til andre enn husstandsmedlemmer og tilsvarande nære.

Elles blir òg påbodet om bruk av munnbind når det ikkje er mogeleg å halda minst 1 meters avstand i butikkar, kjøpesenter, serveringsstader, kollektivtransport, taxi og innandørs stasjonsområde ført vidare.

Les også
Breiddeidretten utandørs opnar igjen – regjeringa opnar for kontakttrening
Les også
Innfører grønt nivå på vidaregåande skular