SAK: Politiet har oppretta sak etter det i natt vert gjort skadeverk i ei leilegheit på Stord. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Kasta blomsterpotte gjennom ei rute - politiet har oppretta sak

I natt vart det utført eit skadeverk på ei leilegheit på Bjelland.

Politiet i Sør-Vest skriv på Twitter at dei har oppretta sak etter at dei fekk melding om skadeverket.

– Det er kasta ei blomsterpotte gjennom ei rute, skriv dei.

Politiet har vore på staden og gjort ei åstadundersøking.

Fornærma i saka, ein mann i 60-åra, er avhøyrd.

Sunnhordland har førebels ikkje lukkast å få ein kommentar frå politiet i saka.

Les også
18-åring køyrde 103 km/t over fartsgrensa