Jonas Matre (til v.), Renate Matre, Aksel Matre og kvalpen Bulle skal gå med bøsser for tv-aksjonen på søndag.
Jonas Matre (til v.), Renate Matre, Aksel Matre og kvalpen Bulle skal gå med bøsser for tv-aksjonen på søndag. Foto: Ingvild Siglen Berger

Klare for å gå med bøsser for Care

På søndag skal familien Matre gå med bøsser for tv-aksjonen for tredje året på rad.

– Det er moro å gå med bøsser, seier Aksel Matre (10).

Han går i 5. klasse på Rommetveit skule, og saman med veslebror Jonas (6), som er elev i 1. klasse, og mamma Renate Matre, skal 10-åringen gå med bøsser for tv-aksjonen i Studalen-området. Beagelen Bulle (6 md. på søndag) skal også vera med på turen.

– Eg synest det er kjekt å møta på andre folk. Det som me samlar inn skal delast ut til andre som ikkje har så mykje pengar, seier Jonas.

Viktig aksjon

Årets innsamling er for organisasjonen Care Norge og deira arbeid for å skapa eit betre liv for kvinner i sårbare område av verda.

– Aksjonen er for kvinner og jenter sine rettar, at dei skal få bestemma over seg sjølv og mellom anna få gå på skule, fortel Aksel.

Jonas, Renate og Aksel (til h.) synest det er viktig å vera bøsseberarar, og håpar fleire vil vera med på søndagens aksjon.
Jonas, Renate og Aksel (til h.) synest det er viktig å vera bøsseberarar, og håpar fleire vil vera med på søndagens aksjon. Foto: Ingvild Siglen Berger

– Det er viktig, meiner Jonas.

Familien følgjer også med på P3 si sending i anledning tv-aksjonen, som starta torsdag.

– Eg synest det er viktig å læra gutane litt om det viktige arbeidet som tv-aksjonen bidreg til, seier Renate.

Annakvar gong

Første året gjengen gjekk med bøsser, gjekk dei på Grov i nærområdet der dei bur. No vert det altså Studalen, for andre året på rad.

– Me plar ringa på annakvar gong. Då spør me om dei vil gje noko, fortel Aksel.

Om huseigar ikkje er heime, heng dei opp ein lapp på døra. Før dei byrjar på turen, er det oppmøte hos Frivilligsentralen klokka 16. Der er det tilgang på refleks, kjeks, saft og anna godt.

– Alt me vil ha, som vaflar! smiler Jonas.

Tv-aksjonen har vorte arrangert éin søndag i oktober kvart år sidan 1974. For årets aksjon håpar familien Matre at endå fleire vil vera med som bøssebærarar.

– Me har høyrt rykte om at det trengst fleire, seier Renate.

– Det er veldig bra dersom mange vert med, seier Aksel.

- Går til Care Norge sitt arbeid for å skapa eit betre liv for kvinner i nokre av verdas mest sårbare område.

- Aksjonen skal gje kvinner mogelegheit til å tena sine eigne pengar, få si røyst høyrt og bestemma over eigen kropp.

- Over 7.000 frivillige jobbar fram mot aksjonsdagen for å mobilisera 100.000 bøsseberarar som kvart år vitjar alle Norge sine 2,3 millionar heimar.

-  Aksjonen er verdas største innsamlingsaksjon, og sidan 1974 har det norske folket samla inn over ni milliardar kroner som har gjeve titals millionar menneske livsviktig hjelp.

Kjelde:www.blimed.no/tv-aksjonen-2019