RYKTE UT: Laurdag ettermiddag opplevde ein innbyggjar å få ein illeluktande lekkasje i kjellaren sin. Brannvesenet rykte hjelpande til. Arkivfoto: Henrik Mundal Andreassen

Kloakkvatn lak ut i kjellar i sentrum

Brannvesenet heiv seg rundt etter at eit avløpsrøyr byrja å lekka.

Laurdag ettermiddag i 16-tida rykte Fitjar brannvesen ut til ein privatbustad i Fitjar sentrum. Meldinga dei hadde fått omhandla ein lekkasje som ein absolutt ikkje vil ha inne i eit bustadhus.

– Eit firtoms avløpsrøyr såg ut til å ha hoppa av, og det lak ut, seier utrykkingsleiar Johan Nilsen i Fitjar brannvesen.

Brannvesenet var på staden i ein halv time, før eit saneringsfirma kom til, og tok over jobben.