Hotellbråk: Politiet måtte rykkja ut til eit hotell på Stord i natt, for å handtera ein person som laga bråk. Foto: Henrik Mundal Andreassen/Illustrasjon

Kluss på hotell

Fann ikkje kompisen.

Klokka 03.06 natt til søndag fekk politiet melding om ein rusa mann som prøvde å ta seg inn på romma på eit hotell på Stord.

– Vedkommande skal hatt ein avtale med ein kompis, om å sova på hotellet. Då han ikkje fann kameraten skal han ha prøvd å ta seg inn på romma til andre gjester. Så han var litt forvirra, opplyser vaktsjef Ellen Rinck ved politistasjonen i Haugesund.

Saka blei løyst ved at mannen blei sendt heim til eigen bupel i drosje.