VATN: Det er funne E.coli i vatnet på Foldrøy. Foto: Bømlo vatn og avløp

Kokevarsel etter E.coli-funn

Innbyggjarane på Foldrøy må koka vatnet.

Onsdag vart det påvist E.coli i vassforsyninga frå høgdebassenget på Foldrøy. Bømlo-nytt skriv fredag at kokevarselet held fram i tettstaden, då ein av to prøvar tekne av vatnet ikkje var rein.

Det vart tekne to nye uavhengige prøvar som vart sendt til analyse etter funnet. Dersom prøvane var reine ville funnet blitt rekna som falsk alarm, og drikkevatnet friskmeld.

Jobbar på spreng

Den eine prøven kom tilbake rein, men ikkje den andre.

– Den andre prøven var ikkje rein, og kokevarselet held difor fram inntil vidare. Me har tappa ned heile høgdebassenget, og gjennomfører reingjering og kloring. Me har hatt folk på jobb der både i går og i dag, og me vil jobba med dette igjennom helga, seier dagleg leiar i Bømlo vatn- og avløpsselskap (BVA), Audun Halleraker, til avisa.

Etter reingjeringa og kloringa vil bassenget igjen fyllast med vatn og nye prøvar vil bli tekne. Dersom dei kjem tilbake frå analysen reine, vil kokevarselet opphevast.

Kokevarselet gjeld for alle innbyggjarar i området Ekornsæter-Mækjebakken-Foldrøy-Siggjarvåg.

– Ufatteleg

Overfor Bømlo-nytt seier Halleraker at bakteriefunnet er gjort i høgdebassenget og ikkje i leidningsnettet, slik at alt tydar på at det ikkje har nådd ut til så mange.

Han fortel at det i grunn er ufatteleg at det skal gå an å få desse bakteriane inn.

– Me har nokre teoriar, men det er for tidleg å seia noko om dette no, seier han.