Stordabrua: Torsdag skjedde det eit trafikkuhell på Stordabrua. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Kolliderte med autovern på Stordabrua

Sterk vind på staden.

Sør-Vest politidistrikt melde på Twitter klokka 12.48 torsdag om ei trafikkulukke på Stordabrua. Ein bil med hengjar hadde køyrd i autovernet, og sperra E39.

Det var ikkje meldt om skade på person, og bilbergar vart bestilt.

– Meldt om sterk vind på staden, og førar opplyser at dette er medverkande årsak til uhell, skriv politiet.

Ein halvtime seinare opna brua att. Politiet har oppretta sak.