Åtvarar: Kommunelege Lars Helge Sørheim fortel at det vert vanskelegare å halde kontroll på smittespreiinga av koronaviruset. Kommunen innfører no restriksjonar på forsamlingar. Foto: Marius Knutsen

Stord kommune strammar inn med makstak på 100 personar per forsamling

Stord kommune opplyser onsdag kveld at det er innført restriksjonar for å avgrensa koronasmitte. Det kan føra til at mange arrangement med større forsamlingar vert avlyste.

– Norge er no i ein situasjon der me må venta auka smittespreiing av koronavirus i befolkninga. Talet på personar som har testa positivt aukar frå dag til dag, og nasjonale helsemynde har ikkje lenger kontroll på smittespreiinga, understrekar kommuneoverlege Lars Helge Sørheim i Stord kommune.

Restriksjonane på kor store forsamlingane kan vera gjeld frå og med onsdag 11. mars, og kjem i kjølvatnet av at andre nærliggjande kommunar har innført tilsvarande krav.

Viktig å verne om sårbare grupper

kommunenettsida står det at maksimalt 100 personar er tillate samla, Det gjeld til dømes i samband med kyrkjelege arrangement, konsertar, teater, foreiningar og andre tilstellingar, men òg private selskap.

I denne fasen er det viktig å avgrense kontakt mellom folk for å hindre ukontrollert smittespreiing, opplyser kommunen.

– Sjølv om ein ventar at om lag 90 prosent ikkje vil ha trong for sjukehusinnlegging, er det særs viktig å verne dei som er sårbare for eit alvorleg sjukdomsforløp. Det er liten reservekapasitet i norsk helsevesen, og me må hindre at mange blir sjuke på same tid, står det vidare.

Lista over restriksjonar kommunen no har innført, lyder som følgjer:

Maks 100 personar samla

– Maksimalt tillèt ein at 100 personar er samla, t.d. i samband med kyrkjelege arrangement, konsertar og teater, foreiningar og andre tilstellingar, men òg private selskap.

– Restriksjonane er heimla i smittevernlova § 4.1.

– Ved arrangement for sårbare grupper, som t.d. pasientforeiningar eller eldre, er maksimalt tillate tal 50 personar samla.

Institusjonar

– Bebuarane er rekna som ei sårbar gruppe.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Berre næraste pårørande får vitja bebuarane på institusjonen.

– Personar med luftvegssymptom må halda seg vekke.

– Besøk skal skje på rommet.

– Besøkjande må loggførast.

– Vend deg til personalet når du kjem.

Særlege retningsliner for gravferd

– Det er tradisjon at mange møter i gravferd for å vise respekt for den døde og familien.

– Ofte er mange deltakarar i gravferd i risikogruppa for å utvikle eit alvorleg sjukdomsbilete dersom dei blir smitta.

– Avgrensing på 100 personar gjeld òg deltaking i kyrkje og minnestund.

– Me oppmodar at ein vurderer å syne si respekt og medkjensle på anna vis enn å møta opp i kyrkja, for å redusere risiko for smitteoverføring for dei som held gravferda og andre gjester.

– Kondolanse bør skje utan handhelsing, klem eller anna fysisk kontakt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utestadar

– For utestadar og arrangementslokale gjeld restriksjon på maksimalt 100 gjester.

– Det skal leggjast til rette for at personar kan halde ein avstand til andre på minst 1 meter.

– Sørgja for skjerpa hygienetiltak som vask av kontaktflater.

Arrangement for barn og unge

– Det er førebels ikkje aktuelt å stengje barnehagar og skular.

– Vanlege fritidstilbod for barn kan førebels gå som vanleg.

– Arrangement for barn og unge som samlar større grupper bør avlysast.

– Arrangement der det kjem tilreisande frå andre kommunar bør avlysast.