Det nye koronapasset blir no rulla ut. Ein QR-kode viser om ein person er beskytta. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

Koronapasset blir rulla ut

Koronasertifikatet er på veg. Frå fredag kan det takast i bruk.

Dei første passa vart rulla ut tysdag morgon, får NTB opplyst hos Helsedirektoratet.

– Den nye versjonen ligg ute allereie no, slik at me får testa at alt fungerer som det skal, skriv direktoratet på nettsidene sine.

Koronasertifikatet ligg på Helsenorge.no, og kan visast ved kontroll, bli lasta ned på mobil eller skrivast ut frå desse sidene. Alle som loggar seg inn på Helsenorge, kan allereie no sjå den oppdaterte versjonen med grønt og raudt lys og QR-kodar for kontroll.

Frå fredag skal passet kunne brukast i Norge, til dømes på arrangement og ved innreise.

Ei felles europeisk løysing for koronasertifikat vil truleg vera klar i byrjinga av juli.

Raudt eller grønt? Koronasertifikatet viser om ein er beskytta mot covid-19. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK
Les også
I denne veka får 840 stikket i Stord