MÅ BETALA: Vedkommande braut lovpålagt isolasjon og oppsøkte ein fest natt til søndag. Politiet har etterforska saka. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Koronasmitta får 20.000 kr i førelegg etter fest

Ein privatperson har fått eit førelegg på 20.000 kroner for brot på smittevernlova.

Det skriv Vest politidistrikt i ei pressemelding. Førelegget vart gjeve måndag, for brot på smittevernlova si paragraf 4.3.

– Vedkommande er bekrefta smitta med Covid-19 og førelegget blei gjeve etter at vedkommande braut lovpålagt isolasjon og oppsøkte ein fest natt til søndag. Politiet har i helga etterforska saka og avhøyrt fleire personar, står det i pressemeldinga.

Av omsyn til personvern ønsker ikkje Vest politidistrikt å gje fleire detaljar om hendinga, eller om vedkommande sin alder, kjønn eller kor i politidistriktet hendinga skjedde.

Les også
Ikkje lov å overnatta på hytta

– Vedkommande har blitt orientert om førelegget måndag. Betalast ikkje bota, risikerer vedkommande fengsel i 40 dagar. Me håpar folk skjønnar alvoret i situasjonen landet står i og innrettar seg etter gjeldande lovar, reglar og retningslinjer, seier Gunnar Fløystad, påtaleleiar i Vest politidistrikt.

50 oppdrag i helga

I helga registrerte politidistriktet, som mellom anna omfattar kommunane Bergen, Tysnes og Kvinnherad, heile 50 oppdrag relatert til korona, der eitt tilfelle resulterte i nemnde straffesak. I utgangspunktet har politiet ei førebyggjande rolle for å hjelpa verksemder og innbyggjarar å førebyggja smitte.

Les også
Slik ser ein føre seg korona-utviklinga og tiltak

– Politiet steller seg til sentrale lover og forskrifter. Sjølv om folk sin oppførsel ikkje er direkte straffbar, kan me av smittevernomsyn pålegga folk å bryta opp samankomster eller andre aktivitetar som kan utgjere ein auka smittefare. Dersom innbyggjarane ikkje følgjer politiet sitt pålegg, kan dette vera straffbart. Men me forsøkjer i all hovudsak å jobba førebyggjande og gje god rettleiing til innbyggjarane der me kan, seier stabssjef Kjetil Øyri, som har det operative ansvaret i Vest politidistrikt i forbindelse med koronahandtering.

Bruk sunn fornuft

Politiet kan ikkje fastsetta eit tal for kor mange menneske som kan møtast privat og oppfordrar den enkelte til å bruka sunn fornuft og sjølv gjera ei nøktern vurdering om kva som er forsvarleg. I pressemeldinga står det at råd og retningslinjer frå helsemyndigheitene er førande, og at politiet til kvar ei tid kan gripa inn for å vareta ålmenheita si tryggleik.

– Klare lovbrot vil bli forfølgt. Det er gjort klart av riksadvokaten av lovbrot som inneber brot på bestemmelser som skal bidra til å redusera smitterisiko skal prioriterast. Me kjem difor også framover til å ta brot på smittevernlova som er straffesanksjonert på største alvor, seier Fløystad.

Les også
Meiner politiet overreagerer