Koronasmitta kvinnhering innlagt på Stord
Éin pasient igjen med påvist covid-19 på Stord sjukehus.
Det har vore store utskiftingar på koronaavdelinga på Stord sjukehus så langt i år. På det meste har tre pasientar med påvist covid-19 vore innlagt samstundes. Medan det torsdag var to koronapasientar på Stord, er det fredag éin igjen, ifølgje Helse Fonna si oversikt.
Kommuneoverlege Glenn A. Opland i Kvinnherad seier til avisa Kvinnheringen at vedkommande kjem frå Kvinnherad. Personen får ikkje intensivbehandling.
Det er så langt fredag ikkje meldt om nye smittetilfelle i kommunane i Sunnhordland.