Trassa innreisekarantene og gjekk på treningssenter: – Situasjonen er uavklart
Fleire nærkontaktar skal ha symptom.
Sist helg fekk ein person på Bømlo påvist covid-19. No viser det seg at vedkommande skulle ha vore i karantene.
– Personen som fekk påvist covid-19-smitte laurdag 21. november syner seg å ikkje ha overhalde gjeldande karantenereglar ved innreise. Me følgjer opp situasjonen nøye, men innfører ikkje nye tiltak førebels, seier kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter i Bømlo i ei pressemelding.
– Vedkommande har ikkje hatt symptom. Før melding om smitta vart kjend var vedkommande på treningssenteret Sky Fitness fredag 20. november i tidsrommet 17.30-19.00. Fleire nærkontaktar har no symptom og situasjonen er uavklart, opplyser smittevernlege Kjersti Follesø i pressemeldinga.
Smittesporingsteamet i Bømlo kommune arbeider med å kartleggja og kontakta alle som var på treningssenteret i det aktuelle tidsrom og eventuelle andre nærkontaktar. Desse vil bli kalla inn til testing.
– Dersom du mistenkjer at du kan vera nærkontakt bør du setja deg sjølv i karantene. Dersom du ikkje vert kontakta i løpet av dagen i dag, kontakt Bømlo koronatelefon 53 42 30 01 i morgon for testing, melder kommunen.
Kjersti Follesø ber alle om å ha låg terskel for å halda seg heime sjølv ved milde symptom og for å testa seg.
– Bømlo kommune innfører ikkje nye tiltak førebels, men følgjer situasjonen nøye, seier kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter i pressemeldinga.
Koronatest
Bømlo koronatelefon: 53 42 30 01
Ope måndag-fredag 08.30-11.30 og 13.00-14.30.
Men før du ringjer – sjekk deg på koronasjekk.no
NB! Ha personnummer klart for dei som skal testast.