Kriseleiiing: Kriseleiinga i Bømlo kommune består av kommunelege Kjersti Follesø (t.v.), ordførar Sammy Olsen og konstituert rådmann Aud Gunn Løklingholm. Foto: Simon Knutsson Sortland, Bømlo kommune

Koronasmitte på Bømlo – set i verk nye tiltak

Ordføraren stadfestar at ein bømling har testa positivt på koronaviruset onsdag kveld.

I ein video publisert på Youtube fortel ordførar Sammy Olsen (Sp) at éin person på Bømlo er smitta av viruset. Han kjem ikkje med meir informasjon om personen.

Dette er den første personen i kommunen som har testa positivt på korona. No lovar Sammy Olsen nye tiltak for å hindra at fleire blir smitta. Mellom anna vil alle legekontor i kommunen stengja inntil vidare.

Ordførar Sammy Olsen ber innbyggjarane i Bømlo om å avgrensa fritidsreiser. Sist helg blei det sendt tekstmeldingar til innbyggjarane med påminning om at det no er forbod mot privatfestar med mange personar til stades.

Tidlegare onsdag opna Sunnhordland interkommunale legevakt ein eigen legevaktsentral for korona i Sagvåg på Stord. Telefonnummeret til den interkommunale sentralen er 53 49 66 66.

62 personar er så langt testa for koronasmitte på Stord. Til no har éin stordabu testa positivt.

I Helse Fonna er no 238 tilsette i karantene.

Les alt om koronaviruset lokalt her.