Held fram: Tiltaka held fram til over påske, opplyser Erna Solberg på ein pressekonferanse. Foto: Stortinget

Koronatiltaka held fram til over påske

Koronatiltaka som regjeringa innførte 12. mars skal halda fram til over påske, opplyser Erna Solberg.

Alle barnehagar, skular, ungdomsskular, vidaregåande skular, høgskular og universitet skal haldast stengt til 13. april.

12. mars sette regjeringa i verk ei rekke tiltak i håp om å stoppa koronaviruset. Tiltaka er dei sterkaste og mest inngripande me har hatt i Norge i fredstid.

Held stengt

Organisert kultur- og idrettsarrangement er framleis forbode. Hytteforbodet vil også halda fram til over påske.

Treningssenter, symjehallar, badeland og liknande held stengt. Også frisør, hudpleie, massasje og kroppspleie, tatovering og liknande held stengt vidare.

– Tiltaka ser ut til å bremsa smitten, men me treng meir tid for å sjå kva effekt dei har. Regjeringa har fastsett ein strategi for å avgrensa smittespreiing som inneber at kvar enkelt som er smitta maksimalt skal smitta éin anna person. Då vil helsevesenet ha kapasitet til å hjelpa alle som treng det, seier statsministeren.

Fem personar saman

Folkehelseinstituttet opplyser at dei trur me framleis er inne i fase to av viruset - som vil seia litt før starten av hovudbølgja.

Helseminister Bent Høie seier på pressekonferansen at ein no ikkje bør vera meir enn fem personar saman i ei gruppe når ein er ute. Med unnatak av dei som er i familie eller i same husstand.

Innandørs bør folk ha minst to meters avstand til kvarandre.

Nokon av dei viktigaste tiltaka som blir vidareført til og med 13. april 2020 (kan bli forlenga):

Dei strenge hygienetiltaka fortset. Folk må halda fysisk avstand til kvarandre, ha god handhygiene og hosta i papir eller olbogekroken.

Ute i det offentlege rom, bør folk ha minst ein meters avstand til andre menneske. Når ein er ute, bør ein ikkje vera meir enn fem personar saman i gruppe – med unnatak av dei som er i familie eller i same husstand. Innandørs bør folk ha minst to meters avstand til kvarandre, men det gjeld ikkje dei som er i familie eller i same husstand.

Alle landets barnehagar, barneskular, ungdomsskular, vidaregåande skular, høgskular og universitet og andre utdanningsinstitusjonar held stengt.

Barnehagebarn og barn på småskuletrinnet med foreldre som har samfunnskritiske funksjonar, fortset å få et tilbod i sin barnehage og skule.

Reglene om karantene og isolasjon etter kontakt med smitta (smittekarantene) vidareførast. Dersom du har vore i nær kontakt med nokon som har fått påvist koronavirus, skal du vera i karantene i 14 dagar. Dersom du har vore på utanlandsreise skal du vera i karantene i 14 dagar frå den dagen du kom heim. Dersom du har fått påvist eller blir testa for koronavirus, må du isolerast. Det betyr at du må halda deg heime heile tida og ikkje gå ut. Dersom testen er negativ, skal du fullføra karanteneperioden.

Reglane for karantene ved innreise til Norge frå utlandet (reisekarantene) vidareførast med dei unnatak og presiseringar som gjeld i dag.

Reglane om bortvising av utanlandske statsborgarar som ikkje bur eller jobbar i Norge ved grensa vidareførast, med dei unnatak og presiseringar som gjeld i dag.

Grensekontrollen på indre Schengen-grenser blir forlengja.

Helsepersonell som jobbar med pasientbehandling forbys å reisa til utlandet. Forbodet gjeld både tenestereiser og privatreiser, foreløpig ut april 2020.

Kulturarrangement, idrettsarrangement og organisert idrettsaktivitet både innandørs og utandørs er forbode.

Alle verksemder i serveringsbransjen, med unnatak av serveringsstader der det foregår servering av mat, det vil seia kantiner og spisestader som kan leggja til rette for at besøkjande kan halda minst 1 meters avstand, blir halde stengt.

Servering av mat skal ikkje skje som buffé. Serveringsbransjen omfattar restaurant, bar, pub og uteliv.

Treningssenter, svømmehaller, badeland og liknande held stengt.

Verksemder som tilbyr frisørtenester, hudpleie, massasje og kroppspleie, tatovering, hulltaking (piercing) og liknande held stengt.

Forbodet mot opphald på hytter/fritidseigedomar blir oppretthalde.

Alle landet sine trafikkstasjonar held stengt.

Kollektivtransporttilbodet blir oppretthalde.