Ulukke: Eit einsleg køyretøy køyrde av vegen natt til fredag. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Køyrde av vegen på Bømlo

Førar var uskadd etter hendinga.

Klokka 01.46 natt til fredag blei det meldt frå til politiet om ei trafikkulukke på Rolvsnesvegen ved Rubbestadneset.

Naudetatar rykte ut til staden, der eit einsleg køyretøy hadde køyrd utfor vegen.

– Førar som var åleine i bilen står fram som uskadd. Ingen trafikale problem på staden, melde Sørvest politidistrikt på Twitter.

Les også
To køyrd til legevakt etter ulukke