40-sone: Det er no 40-sone på alle innfartsvegane til Leirvik, og her kan det løna seg å halda fartsgrensa. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Køyrde for fort

Politiet gjorde nok ein gong storfangst i 40-sona i Sæ.

Politiet hadde fredag ettermiddag fartskontroll i 40-sona i Sæ. Det resulterte i sju forenkla førelegg.

– Høgste målte fart var 57 km/t i 40-sona, melder Sør-Vest politidistrikt på Twitter.

Ein nærare sjekk i lovdata.no viser at føraren som køyrde i 57 km/t må ut med 5.500 kroner til statskassen.