UP hadde kontroll tysdag kveld på E39. Illustrasjonsfoto: Marius Knutsen

Køyrde i 139 km/t i 80-sone

UP hadde trafikkontroll på E39.

Tysdag kveld hadde Utrykningspolitiet fartskontroll ved Engevik der dei delte ut seks forenkla førelegg og beslagla to førarkort.

– Høgaste hastigheit vart målt til 139 km/t, i 80-sona, skriv Sør-Vest politidistrikt på Twitter.

Dette er 59 kilometer i timen over fartsgrensa, og 24 kilometer i timen over grensa for førarkortbeslag i ei 80-sone.